Hopp til innhald

Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1)

Form

Form handlar om korleis gjenstandane rundt oss ser ut. Å designe blir ofte forklart med å formgi. Når vi behandlar materiale, til dømes frå naturen, gir vi dei ei ny form. Både forma og fargane påverkar korleis vi opplever eit produkt. God formforståing er viktig i alle handverksyrke.

Forenkling, stilisering og abstrahering

Å forenkle vil seie å fjerne detaljar og framheve det som er typisk for forma. Når du forenklar eit uttrykk og forandrar det slik at det passar inn i ei bestemd stilform, kallar vi det stilisering. Endrar du uttrykket så mykje at vi ikkje kan kjenne igjen utgangspunktet, har du abstrahert det.

Læringsressursar

Forenkling, stilisering og abstrahering