FormuttrykkAlle former uttrykker noko, og opplevinga av former kan vekke kjensler og er med på å skape ulike stemningar.
KomposisjonKomposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Vi bruker komposisjonsprinsipp for å skape bestemde uttrykk i design, produkt eller arbeid.
Forenkling, stilisering og abstraheringÅ forenkle er å fjerne detaljar og framheve det typiske for ei form. Å stilisere er å forandre eit uttrykk slik at det passar inn i ei bestemd stilform.
MønsterVi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.