Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Frisyre inspirert av ein stilepoke

Stilhistoria beskriv kjenneteikn i ulike tidsepokar.
Vel ein stilepoke, og set deg inn i kva som typisk for hårmoten i denne perioden. Finn ein frisyre som du vil modernisere. Her er det viktig å få fram trekk frå stilepoken, samtidig som du tilpassar frisyren til vår eiga tid.
Seks dokkehovud med parykkar og tilbehøyr. Fotokolllasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Stilhistorie

  1. Vel ein stilepoke du vil finne ut meir om.
  2. Bruk internett eller litteratur, og sett deg inn i kva som kjenneteiknar hårmoten i denne perioden.
  3. Finn ein frisyre som du blir inspirert av.
Portrett av dame frå barokken. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Idéutvikling og produksjon

  1. Bruk frisyren du har valt i del 1 som utgangspunkt. Lag skisser til korleis du kan få denne frisyren til å passe inn i moderne tid.
  2. Skaff deg eller lag tilbehøyr du treng til frisyren.
  3. Øv på teknikkane du skal bruke i frisyren.
  4. Lag frisyren på øvingshovudet eller ein modell. Ta bilete undervegs og av det ferdige resultatet.

Del 3: Dokumentasjon

  1. Presenter hårmoten i stilepoken du har valt.
  2. Presenter arbeidsprosessen din, og vurder det ferdige produktet.
  • Korleis kan vi kjenne igjen stilepoken du har late deg inspirere av?
  • Korleis har du tilpassa uttrykket til vår eiga tid?

Relatert innhald

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan òg inspirere til nyskaping.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Stilhistorie