Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Hovudplagg inspirert av romantikken

Romantikken la mellom anna vekt på skapande fantasi. Set deg inn i kva som kjenneteiknar romantikken som periode, og lag eit hovudplagg som er inspirert av dette.
Ha fokus på estetikk, heilskap i komposisjonen og tekniske løysingar.
Byste med eit hovudplagg laga av ståltrådar og blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Utforsking, idéutvikling og planlegging

  1. Set deg inn i kva som kjenneteiknar romantikken som periode.
  2. Vel noko som inspirerer deg, og bruk dette som utgangspunkt for å lage eit hovudplagg.
  3. Lag ein framdriftsplan.
  4. Teikn minst 8 idéskisser.
  5. Teknikken du bruker skal vere miljøvennleg. Prøv ut ulike materiale og samanføyingsteknikkar.
  6. Lag ein prototype av den utvalde forma di.
  7. Lag arbeidsteikning.

Relatert innhald

Romantikken oppstod på slutten av 1700-talet. Enkeltindividet kom i sentrum. Det ble lagt vekt på kjensler, fantasi, religion, natur og folkekultur.

Del 2: Lag arbeidet

Ha fokus på estetikk, heilskap i komposisjon og tekniske løysingar når du lagar hovudplagget. Ta bilete av det ferdige produktet, slik at det kjem fram korleis det skal brukast. Tenk på komposisjon og bakgrunn når du fotograferer.

Hovudplagg i plantemateriale. Nærbilete av detaljar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Munnleg erfaringsdeling og refleksjonar

Presenter produktet for gruppa di:

  • Kva lét du deg inspirere av frå romantikken, og korleis har du brukt dette i hovudplagget ditt?
  • Kva for tekniske løysingar og materiale valde du?
  • Kva har du lært gjennom oppgåva, og korleis kan du bruke dette vidare?
  • Har dette arbeidet overføringsverdi til andre disiplinar?
Hovudplagg laga av hønsenetting og blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde:

Oppgåva er delt av Siv Engen Heimdahl frå Norges grønne fagskole Vea.

CC BY-SASkrive av Siv Engen Heimdahl.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020

Læringsressursar

Stilhistorie