Hopp til innhald

Fagstoff

Materiallære

Materiale påverkar stil og uttrykk. Kva du skal lage, og korleis gjenstandane skal brukast, bør styre kva materiale du vel. Vi deler materiale inn i harde, mjuke og plastiske materiale, alt etter kva eigenskapar dei har.

Materiale blir kategoriserte ut frå eigenskapar

Materialval er ein viktig del av produktutvikling. Du må vurdere eigenskapane til materiala i forhold til bruksområdet. Materiale kan ha ulik haldbarheit, og dette påverkar kvaliteten til eit produkt. Val av kortreiste og berekraftige materiale påverkar samfunnet og naturen positivt.

Vi deler materiale inn i harde, mjuke og plastiske materiale, alt etter kva eigenskapar dei har.

Modell som viser inndeling i plastiske, harde og mjuke materiale.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Harde materiale

Tre og metall har evne til å bere ein konstruksjon og må formast ved hjelp av reiskapar. Ulike treslag har ulik hardleiksgrad, og vi kan dele dei inn i mjuke, mellomharde og harde tresortar.

Seks ulike treslag, der delar av materialprøva er behandla med olje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjuke materiale

Mjuke materiale er fleksible. Tekstil er tøy og produkt som blir laga av fibrar. Fibrane kan komme frå naturen eller bli framstilte kunstig. Dei kan tvinnast saman til tråd eller garn. Ulike teknikkar, til dømes veving, strikking og hekling, dannar mjuke materiale som vi bruker til klede og utstyr.

Rullar med tekstilar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plastiske materiale

Plastiske materiale kan du forme med hendene. Leirar, pappmasjé og plastilina er plastiske materiale. Dei har ikkje noka bestemt form, men vi kan forme dei nesten som vi vil.

Keramikk. Hender lager en krukke av leire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge




CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Materiale