Hopp til innhald

Fagstoff

Materialkart

Parallelt med planlegging av ei interiørløysing bør du jobbe med eit materialkart. Når du har tenkt ut kva materiale og fargar du vil bruke i prosjektet, skal du vidareformidle dette til kunden. Den enklaste måten er å vise kunden dei faktiske materiala og fargane på ein materialplansje.

Materialkart

Eit materialkart er eit godt verktøy for den som planlegg og designar interiørløysingar. Du bør starte arbeidet med ein materialplansje tidleg i prosjektet. Dette gir deg moglegheit til å finne andre alternativ når noko ikkje passar inn. I kommunikasjonen med kunden viser plansjen korleis materialvalet harmonerer godt saman.

Hjørnet av eit soverom teikna i perspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  • Bruk kartong eller eit stort ark som du kan leggje materialprøvene på. Kvitt eller svart er dei fargane som får materiala best fram.

  • Skal du ta ut sofastoff eller gardinstoff? Klipp bit av stoffprøver som du legg fint på arket. Du kan òg brette stoffprøvene viss du ikkje vil klippe i stoffet.

  • Prøv å velje størst prøve av det du har mest av i rommet. Er det tre som dominerer i rommet, kan treprøva vere størst.

  • Det er ofte metall i interiør, til dømes i understell på stolar eller bord, på lampa i taket eller biletrammer. Kva metallfarge skal du gå for? Dette vil hjelpe deg når du vel møblar. Vis metallfargen på plansjen.

  • Fargesett romma. Bruk NCS-fargar og vis med reelle fargeprøver. Kopiar av ein farge fungerer dårleg.

  • Kombiner gjerne NCS-fargane med oppsett av fargepalett og stemningsbilete.

Når du er ferdig med å lage materialkartet, nummererer du materiala og lagar ei liste som viser alt materialkartet inneheld.

Relatert innhald

NCS byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Vi bruker systemet til å beskrive fargar presist ved hjelp av kodar og til å finne fargar som passar saman.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Materiale