Hopp til innhald

Fagstoff

Plast

Plast er eit syntetisk materiale som består av lange kjeder av karbon og hydrogen. Det blir brukt i mange produkt, og har vore eit populært materiale i over 100 år. Gjennom dei siste ti åra har vi oppdaga stadig fleire problem som er knytte til plast.
Tomme tribunesete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plast – frå luksus til kvardag

Forside på fransk magasin fra 1950-talet. Foto.

Frå å vere eit dyrt materiale som blei brukt til luksusprodukt, som smykke, nylonstrømper, telefonar og radioar på 1930- og 40-talet, har plasten blitt eit billig materiale.

Etter kvart blei plasten brukt til meir kvardagslege produkt og fann vegen inn i alle hushald.

I dag blir han brukt i nesten alle tenkelege produkt: båtar, våpen, tannkrem, maling og klede.

Plast er ein syntetisk polymer

Plast er lange kjeder av hydrokarbon der dei same molekyla blir repeterte. Slike stoff blir kalla polymerar. Plast er ein syntetisk polymer, fordi han blir laga i ein industriell prosess.

Reaksjonslikning som strek- og kule-pinnemodell. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Cellulose, protein og DNA er døme på naturlege polymerar. Desse blir “sette saman” i levande organismar.

Utsnitt av strukturen til eit cellulosemolekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Polymerar kan vere:

  • naturlege: protein, polysakkarid, DNA
  • syntetiske: ulike typar plast

Plast blir laga av olje

Pose fylt med matavfall. Foto.

Plast kan framstillast av ulike stoff. I dag er det vanlegaste å bruke råolje. Vi kan også lage plast av planteoljer og maisstivelse. Slike plasttypar blir kalla bioplast.

Nemninga bioplast blir brukt om plast som inneheld ein viss del biologisk materiale. Nokre typar bioplast kan brytast ned biologisk, men ikkje alle.

Den posen mange bruker for å samle opp matavfall for kompostering, er laga av plast som kan brytast ned biologisk.

Mikroplast – små plastpartiklar

Tannkrem renn ut av tannkremtube. Foto.

Mikroplast er plastpartiklar som er mindre enn 5 mm lange. Mikroplast blir tilsett produkt for at dei skal få betre eigenskapar.

I tillegg blir mikroplast danna når større plastbitar blir brotne ned. Dette gjeld også bioplast.

Store mengder mikroplast hamnar kvart år i naturen, og er ein potensiell fare for levande organismar.

Tvilsomme tilsetjingsstoff gir plasten betre eigenskapar

Kvinneleg labarbeidar utfører testar. Foto.

Viss du studerer strukturen til plasttypen polyeten, så oppdagar du at polyeten er bygd opp av berre karbon og hydrogen. Polyeten er eit hydrokarbon.

Når hydrokarbon blir brunne, blir det danna karbondioksid og vatn, samstundes som det blir frigitt energi:

C2H4+3O22CO2+2H2O+energi

Dette ser ikkje så ille ut, tenkjer du kanskje? Problemet er dei andre stoffa som blir tilsette for at plasten skal få dei eigenskapane vi ønskjer:

  • gjere han mjuk: ftalat
  • gi han farge: ulike metallforbindelsar
  • tole varmebehandling: bly
  • hindre at plastprodukt tar fyr så lett: bromerte flammehemmarar
Mange drikkeflasker på rekkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange av desse stoffa er så farlege for miljøet og helsa vår at dei er definerte som miljøgifter. Stoffa kan bli frigitte når plasten blir brunne, eller under bruk.

Kjelder

Apollon. (2015, 21. april). Då plasten kom til Noreg. Henta frå https://www.apollon.uio.no/artikler/2015/1_plasten.html

Avfall Norge. (2018, 24. april) Forsvinner nedbrytbar plast? Henta frå https://www.avfallnorge.no/bransjen/nyheter/forsvinner-nedbrytbar-plast

Sortere.no. (2019) Bioplast, emballasje. Henta frå https://sortere.no/privat/produkttype/1063/Bioplast,%20emballasje

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Materiale