Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder møbelstoff til ein lenestol

I denne oppgåva skal du vurdere ulike kvalitetar på tekstil brukt til ein lenestol.
To raude stolar utan rette linjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Bruk internett og søk opp ein polstra lenestol frå ein møbelleverandør i proffmarknaden. Møbelleverandørar har ofte underleverandørane sine presentert på nettsida si. Du kan velje ein av desse.

  2. Bruk litt tid på nettsida og sjå på kva møbelstoff dei tilbyr.

  3. Vel nokre av stoffa. Finn ut korleis dei ser ut, kva dei er laga av, og kva eigenskapar stoffa har. Samanlikn kvaliteten i tekstila du har valt ut.

  4. Bruk eit materialbibliotek og finn fram ulike tekstilkvalitetar, eller dra til ein møbelleverandør og sjå på dei ulike møbelstoffa dei har i butikken.

Nærbilete av vove ullstoff i gultoner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Når du skal hjelpe ein kunde med å planlegge ei heilskapleg interiørløysing, må du vite kva slags materiale som eignar seg.

Tekstil er eit felles namn på tøy og produkt som blir laga ved å bruke tråd eller garn.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Materiale