Hopp til innhald

Fagstoff

Behandling av snittblomstrar

Planter og naturen dei veks i, må vi behande med respekt. Ei viktig oppgåve for blomsterdekoratøren er å handtere snittblomster slik at dei held seg lengst mogleg. Då må du snitte og reinse stilkane før du set blomstrar i vatn. Pass på at vasane er reine, og at plantene får nok vatn.
Brudeslør i bøtte med vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rein vase, reint vatn

Blad vil lett rotne i kontakt med vatn, og då oppstår bakteriar. Fjern derfor blad, bladstilkar og tornar på nedste tredel av stilkane før du set blomstrar i vatn.

Vasar og bøtter må vere reine for å unngå at det utviklar seg mikroorganismar i vatnet. Du kan vaske vasar og bøtter med oppvaskmiddel eller klor og skylje dei godt etterpå.

Plassar alltid blomstrane ytst frå kanten av bøtta, slik at du unngår å knekke greiner. På same måte bør du alltid ta blomstrane ut frå kanten.

Ein florist set saman ein bukett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Snitting

Når blomstrane blir tekne opp av vatn, tørkar den nedste delen av stilken. Då klarer ikkje blomsteren å trekkje vatn. Derfor er det viktig å lage eit nytt snitt.

Eit reint snitt vil halde porene eller leidningsgangane i stilken opne lenger, og blomsteren vil trekkje meir vatn. Det er viktig med ein skarp kniv for eit glatt snitt. Unngå å klemme stilken når du skjer.

Du lagar eit skrått snitt ved å føre kniven diagonalt gjennom stilken eit par centimeter over enden. Eit skrått snitt gir størst mogleg flate som kan trekkje opp vatn. Sett blomstrane i vatn rett etter du har snitta dei. Har blomsteren ledd på stilken, slik som nelliken, skal du lage snittet mellom to ledd.

Trekkje vatn

Tulipanar med staffasje i vase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle blomstrar skal trekkje vatn minst ein time etter at du har reinsa og snitta stilkane. Dei fleste snittblomstrar treng mykje vatn. Då er det viktig med eit glatt skråsnitt for at opptaket av vatn skal bli optimalt.

Stilkar som har mjuke og svampaktige stilkar, spring fortare, og treng derfor mindre vatn. Laukblomster, som tulipanar, kan snittast rett over for å få ei så lita trekkflate som mogleg. Nokre stilkar har små hår som også tek opp vatn, som gerbera. Desse blomstrane, og laukblomster, skal ha mindre vatn i vasen, slik at vatnet dekkjer mindre av stilken.

Næring

Vase med vatn, sukker i ei skei og ei flaske eddik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blomstrane treng òg næring. I blomsterbutikken får du ofte med ein pose vedlikehaldsmiddel. Du kan òg lage ei blanding av ei spiseskei sukker og ei teskei eddik per liter vatn. Sukkeret tilfører næring, og eddiken hindrar bakterievekst.

Temperatur

Blomstrar med harde og meir treaktige stilkar, som roser, toler varmare vatn på om lag 40–50 gradar. Nellikar, som har middels harde stilkar, skal ha vatn som er om lag 30 grader. Blomstrar med mjuke stilkar, som tulipanar, skal ha kaldare vatn på om lag 20 grader.

Låg lagringstemperatur og høg luftfukt er optimalt for blomstrane. Tropiske blomstrar skal ikkje lagrast for kaldt.

Ulike sortar blomster som står i bøtter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020

Læringsressursar

Materiale