Hopp til innhald

Fagstoff

Parkett eller laminat?

Nordmenn bruker mykje tre i heimane sine. For nokre generasjonar tilbake brukte vi helst heiltre plank i golva. I nyare tid har det vorte større utval av plater som gir same lune uttrykk. Vi skal sjå på kva som skil to av dei mest vanlege golvplatene på heimemarknaden – parkett og laminat.

Parkett

Parkett er eit tregolv som er mjukt å gå på, og som gir ei lun stemning. Det er bygd opp av ei botnplate i kryssfiner og eit sjikt med nokre millimeter ekte tre. Trelaget er behandla med olje eller lakk. Dette gir ulike uttrykk og slitestyrke på parketten.

Interiør med ope løysing mellom stue og kjøkken. Parkettgolv og trestolpar skaper kontrast til kvite veggar og tak. Foto.

Tretypar

Kvit stol og arbeidspult på valnøtt-parkett. Foto.

Vi kan få parkett laga av ulike tretypar. Eik, ask, bjørk, valnøtt, bambus er blant dei mest vanlege. Eik er populært som parkett både på grunn av utsjånad og hardleik. Dette er eit av dei hardaste treslaga vi har.

Vil vi ha eit lysare golv, kan vi bruke bjørk, og vel du valnøtt, får du ein naturleg djup raudbrun farge som minner om eksotiske treslag. Dei siste åra har det vorte auka interesse for bambus etter som dette er eit rasktvoksende gras som blir rekna som berekraftig.

Prisklassar

Parkett kan ein få i mange prisklassar. Vi skil mellom kor mange stavar vi har i parketten. Tre stavar er den rimelegaste, mens ein stav er dyrast. Alle typar parkett passar til opphaldsrom, der vi vil ha ein lun og varm atmosfære.

Vedlikehald

Sjølv om parkett er forholdsvis slitesterkt, toler det mindre vassøl og er meir mottakeleg for hakk og riper enn laminat. Vanleg parkett kan slipast tre–fire gonger. Etter sliping kan vi olje golvet eller lakke det på nytt. Vi bør ikkje bruke parkett i våtrom eller i yttergangar der det er mykje tråkk og fare for fukt.

Luftfukt

Alt tregolv er "levande" i den forstand at det blir påverka av luftfukt i rommet. Parkett skal derfor leggast "flytande". Det vil seie at det er nokre millimeter avstand inn til veggen under legging. Dette blir skjult av ei golvlist. Vi kan òg legge varmekablar under parketten.

Berekraft

I utgangspunktet kan vi rekne parkett som berekraftig, fordi golvplatene er laga av naturlege råvarer som fornyar seg sjølve. Det speler likevel ei stor rolle kva treslag som blir brukt, og kvar i verda parketten er produsert.

Haldbarheit

Garantiane frå leverandørane varierer frå 15 år til livstid, avhengig av type og tjukne på parketten. Parkett vil med rett stell vare i fleire generasjonar.

Mann legg parkettgolv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Golvlaminat

Laminat er eit platemateriale som er ei etterlikning av parkett. Måten å få dette til å likne tre på er at det er teke bilete av mønstringa til treet. Dette blir skrive ut og festa på eit underlag av trefiberplater, som regel MDF. Etterlikningane kan nokre gonger vere så gode at det kan vere vanskeleg å skilje mellom laminat og parkett.

Stolbein og ei mappe med små kaktusar på eit laminatgolv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygging

Laminatgolv er i hovudsak bygd opp av fleire sjikt som ofte består av:

  • ripesikra overflatesjikt (transparent)

  • dekorfilm/dekorsjikt som angir designet på golvet

  • slagfast sjikt

  • fuktbestandig HDF-kjerne

  • balansesjikt/baksidemateriale (kan vere akustikkdempande)

Oppdeling av fem sjikt som laminat består av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

På grunn av den ekstra harde og motstandsdyktige overflata er golvet òg motstandsdyktig mot vassøl, hakk og riper. Laminat er eit hardare og i mange tilfelle meir slitesterkt materiale enn parkett.

Laminat blir produsert på ulike måtar, til dømes som tradisjonell høgtrykkslaminat eller direkte laminering. Høgtrykkslaminat er mange lag med papirfiber som er pressa saman under høgt trykk, mens direktelaminat er ein dekorfilm som er festa på ei fiberplate. Begge teknikkar tilfredsstiller alle klassifiseringskrava, men høgtrykkslaminat er meir slitesterkt enn direktelaminat.

Utsjånad

Laminatgolv blir laga med eller utan struktur i overflata og kjem i ulike glansgrader. Dei aller rimelegaste laminata er utan struktur og har mykje glans. Dei mest kostbare har derimot struktur som får overflata på golvet til å sjå ut og kjennast som tre, og har ei glansgrad som er mattere og meir naturtru.

Det finst mange laminatgolv på marknaden som er så naturtru at det er vanskeleg å sjå og oppleve forskjell på laminat og parkett. Prismessig er laminat likevel rimelegare enn parkett.

Laminatgolv kan òg ha andre mønster enn tre, ofte flise- eller steinmønster.

Bruksområde

Golvlaminat blir brukt der ein vil ha eit slitesterkt golv som toler tøff bruk. For mange vil det vere praktisk med laminat i gang og på kjøkken. På våtrom som bad og vaskerom bør ein unngå golvlaminat. Laminat blir òg brukt i offentlege rom og butikkar.

Vedlikehald

Laminat er svært slitesterkt, lett å halde reint, har lang levetid og held seg fint lenge. Dette gjer at det blir minimalt med vedlikehald på golvet. Laminat kan ikkje slipast, så dersom det får større skadar, er det mange som vel å skifte ut golvet.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Materiale