Overflatebehandling av tre - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Overflatebehandling av tre

Tre har så fine eigenskapar at vi ikkje alltid treng å behandle overflata, men ofte vil vi verne treet for ytre påverknad. Kanskje vil du gjerne ha ei overflate som er glatt eller gi treet ein spesiell farge? I filmen viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan bruke olje, beis og måling.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Olje

Oljing er ein av dei eldste metodane for overflatebehandling som vi kjenner. Olje framhevar strukturen i treet, og vi beheld den gode kjensla av å ta på tre.

Forbehandling

Bruker du vassløyseleg beis eller lakk, bør du vassbeise først. Det vil seie at du fuktar overflata med varmt vatn, slik at fibrane som har vorte pressa ned under pussinga, reiser seg igjen. Når treet er tørt, pussar du dei bort med eit fint pussepapir, til dømes korning 180. Slik unngår du at fibrane reiser seg etter at du har beisa eller lakkert overflata.

Beis

Beis tilfører farge, utan å vere dekkjande. Slik kan du framheve den vakre strukturen i treet. Hugs at fargen kan variere avhengig av den naturlege fargen på treverket, og at beisen blir mørkare for kvart lag du påfører. Beis med ein pensel eller svamp i lengderetninga til treet. Etterpå fjernar du overflødig beis, til dømes med ein klut.

Lakk

Vi bruker lakk til å verne treet eller for at vassløyseleg beis ikkje skal kunne vaskast bort. Lakken gir ei blank eller matt overflate. Lakk kan vere tynna med ulike væsker som avgjer kor sterkt han luktar, og kva slags verneutstyr du bør bruke. Påfør lakken jamt med pensel i lengderetninga til treet.

Måling

Måling er dekkjande, og trestrukturen blir skjult. Bruk jamne rørsler og ver lett på handa når du målar, slik at du får ei jamn og fin overflate.

Relatert innhald

Fagstoff
Måling

Måling er fellesnavn på alt stoff som er flytande og brukast til overflatebehandling av materiale. Lær meir om målinga sine bestanddelar og eigenskapar.

Kjelde

Selfjord A. & Thoresen S. (2009). Design og trearbeid. Yrkeslitteratur AS. Oslo.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020