Hopp til innhald

Fagstoff

Montering av folie

I skilt og dekorbransjen bruker vi folie mellom anna til å lage skilt, dekor og beskyttande dekke på ulike overflater. Du treng kunnskap om materialet og å øve på teknikken for å få god kvalitet på montasjen. Her får du nokre konkrete tips om kva må du ta omsyn til når du skal montere folie.
Fotografi av ei kvinne som dekorerer bil med folie.

Montering av folie

Fotografi av ei jente som lagar hjarte i folie.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange typar folie med ulike eigenskapar. Smidigheit, tjukkleik og overflate påverkar kvar folien kan brukast, og limet avgjer kor godt folien sit. Heilt enkelt forklart kan du sjå på folie som eit stort klistremerke. Det er viktig å montere det nøyaktig på ei rein flate, slik at det sit godt. Pass på at det ikkje kjem noko smuss under, og unngå luftbobler.

Det kan vere krevjande å montere folien slik at resultatet blir bra. Ofte er det store flak med folie som skal monterast heilt presist i samsvar med underlaget, og folien må passe med resten av trykket på ein annan foliedel.

Foto av kvinne som heilfolierer ein bil med trykk.

Det er heller ikkje gitt at underlaget er flatt. Når ein bil skal heilfolierast, må folien på plass over krevjande kurver og profilar. Du kan få i oppdrag å montere folie på eit fly, eller kanskje du må henge ned på sida av ein båt for å montere dekor? Uansett er kunnskap om folie og ferdigheiter i å handtere dette materialet naudsynt for å sikre god kvalitet på montasjen.

Foliemontør

I dag er det mange som tilbyr foliemontering, men ikkje alle kan garantere for eit godt nok nivå. Foliemontering har vore, og er framleis i stor grad, sjølvlært med rettleiing frå nokon som kan det. Men det finst eit kurs i Noreg som gir deg autorisasjon som foliemontør.

Kva må du tenkje på når du skal montere vindaugsfolie?

  • På dagtid ser vindauge mørke ut utanfrå. På kveldstid blir det motsett dersom det er lys inne. Om vindauget verkar lyst eller mørkt, vil vere heilt avgjerande for val av farge på dekoren

  • Du må ta omsyn til om vindauget er klargjort framanfrå eller innanfrå når du skal velje type vinyl.

  • Er det detaljar bak vindauget som kan verke forstyrrande på dekoren?

  • Korleis ser dekoren ut i mørket? Står det til dømes ein TV bak som vil skape eit uheldig samspel?

  • Det skal ikkje vere dekor på fluktutgangar. Dette kan skape forvirring ved eit naudstilfelle.

  • Dersom dekoren dekkjer ei dør som ikkje er fluktutgang, må du ta omsyn til om døra kjem til å stå open eller vere lukka mesteparten av tida. Vurder korleis dekoren vil verke når døra er open, og når ho er lukka.

  • Krav til universell utforming i inngangsparti: For at svaksynte skal oppfatte kva som er ei glasdør, og kva som er vindaugsflater, må vi kontrastmerke glasfelt. Glasmarkøren skal vere synleg frå begge sidene av glaset og plasserast i to høgder, med senter 0,9 og 1,5 meter over golvet. Mønsteret i glasmarkøren i døra skal vere ulikt frå glasmarkøren i nærliggjande glasfelt (Direktoratet for byggkvalitet, 2017).

Fotografi av at tre elevar monterer foliedekor på eit vindauge.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kilde

Direktoratet for byggkvalitet (2017). Byggteknisk forskrift (TEK17) med veiledning. https://dibk.no/regelverk/byggteknisk-forskrift-tek17/12/iii/12-17/

Relatert innhald

Folie er ein tynn plastfilm med lim på baksida, som kan ha mange ulike eigenskapar.

CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Materiale