Hopp til innhald

Fagstoff

Folie

Profileringsdesignarar bruker folie til å lage skilt, dekor og beskyttande dekke på ulike overflater. Folie er ein tynn plastfilm med lim på baksida, som kan ha mange ulike eigenskapar.
Tre elevar monterer foliedekor på eit vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling av dekorfolie

Sjølvheftande dekorfolie på rull fanst allereie på 1970- og 80-talet. Innan interiør brukte ein gjerne tre- og skinnimitasjonar. Folien var tjukk, men ikkje spesielt haldbar. Han vart til dømes montert på kjøkkenbenker, inne i kjøkkenskåp eller på baderomsvindauge.

Etter kvart kunne reklamebransjen bestille ferdig utforma bokstavar i valfrie storleikar. Desse vart produserte i utlandet. Litt seinare kom det skjeremaskiner med ei lita datamaskin innebygd, slik at ein kunne skjere eigne bokstavar. Dette revolusjonerte bransjen.

Ei jente som jobbar med folie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folie til ulik bruk

No får vi tak i sjølvheftande folie i ulike fargar og kvalitetar, og til mange spennande bruksområde:

  • folie til å trykke på

  • transparente foliar som vi kan sjå igjennom

  • translucente foliar som berre slepper igjennom lys

  • opake foliar som er heilt tette

  • fluoriserande foliar som minner om fargen til ein markeringspenn

  • reflektive foliar som vi mellom anna finn på alle trafikkskilt

  • effektfoliar som kan gi inntrykk av til dømes eit sandblåse vindauge

  • antisklifolie til trapper

  • folie til golvdekor

  • folie som er lett å ta av etter eit par månader, som vi ser på bussreklamar

  • foliar som eignar seg til å pakke inn ein bil, slik at han kan byte farge

Tre elevar som jobbar med foliedekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil i all hovudsak mellom to folietypar: valsa folie og støypt folie.

Valsa folie

Framstilling av valsa folie skjer gjennom ein prosess der farga "deig" av plast blir valsa til han får rett tjukkleik. Deretter blir han tilsett eit tynt lag med lim. Valsa folie vil krympe litt over tid, fordi han alltid vil jobbe for å kome tilbake til den opphavlege forma – som var ein deigklump. Vi kan samanlikne valsa folie med å strekke ein strikk: Han vil alltid trekke seg saman, tilbake til den originale forma.

Folie blir valsa og går frå tjukk masse til ei tynn flate. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan dele valsa folie inn i to grupper: monomer og polymer folie.

Monomer folie

Pilar viser korleis krefter beveger seg i monomer valsa folie. To pilar går bortover og ein pil nedover. Illustrasjon.

Monomer folie blir òg kalla kampanjefolie. Den blir brukt når folien berre treng kort varigheit, til dømes ein bussreklame som berre skal sitje på nokre veker.

Dersom folien blir sitjande lenger enn det han er meint for, vil han etter kvart bli stygg. Då krympar folien, fargen falmar og limet slepp.

Kampanjefolien har òg eigenskapar som gjer at han er lett å fjerne.

Polymer folie

Pilar viser korleis molekyla motverkar kvarandre likt alle vegar i polymer folie. Illustrasjon.

Polymer folie er meir stabil og kan vare i fleire år. Dei beste polymere foliane kan vurderast som permanent folie, så sant underlaget ikkje krev for mykje av folien.

Dei eignar seg godt til utandørs dekor på flatt underlag som til dømes eit skilt, men dei eignar seg ikkje på krevjande overflater som til dømes heilfoliering av bil.

Støypt folie

Kvinne som heilfolierer ein bil med trykk i raudt, kvitt og blått. Foto.

Permanent folie er meint for å sitje over ein lengre periode og har eigenskapar som gjer at han er vanskeleg å fjerne. Han toler betre å bli eksponert for UV-strålar utan at fargen bleiknar, han sit godt i varme, kulde og vind, og han krympar svært lite eller ingenting. Permanent folie blir til dømes brukt på skilt, ved heilfoliering av bil og som dekor på fly.

For å framstille permanent folie blir flytande plast helt ut på ei støypeplate. Plasten storknar i ein omn. Etterpå blir folien tilsett eit tynt lag med lim.

Støypt folie er meir stabil i forma enn valsa folie. Ein kan samanlikne støypt folie med å strekke ein matpose, han held fram med å vere deformert.

Støyping av folie. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraft

Sjølvheftande folie til bruk i profilerings- og informasjonsverksemd består av PVC (polyvinylklorid). Eigenskapane til PVC gjer at folien kan varmast opp og bli mjuk, og stivne når det blir kaldt. PVC eignar seg svært godt til å reproduserast. Slik sett har PVC eit forholdsvis lite fotavtrykk, då det krev mindre ressursar for å gjenvinnast. Det kan gjenvinnast opptil så mykje som sju gonger. I tillegg har PVC særs lang haldbarheit. Tjukkare PVC, som røyrleidningar, blir rekna for å kunne halde seg i over 100 år, mens PVC-folie kan halde farge og festeevne i opptil 15 år. Dette heng òg saman med eigenskapane til limet og kva som er bruksområdet for folien.

Men god haldbarheit gir òg ei lang nedbrytingstid, noko som ikkje er bra dersom produktet hamnar på avvegar. Framstilling av PVC er heller ikkje miljøvenleg, då det blir brukt klor, halogen og andre løysemiddel, og dessutan at PVC inneheld ftalat. Produkt som inneheld PVC, utviklar giftige gassar ved brann.

Dei store folieprodusentane har kome med gode alternativ til PVC-foliar. Foliane er framleis laga av plast og har lang nedbrytingstid dersom dei hamnar i naturen, men dei er utan PVC. Ved produksjon av PVC-frie foliar blir det brukt mindre mengder med løysemiddel, det blir ikkje brukt klor eller andre halogen, og det blir brukt mindre energi. Desse foliane held høg kvalitet og kan framleis brukast til krevjande oppgåver som til dømes heilfoliering av bil og til trykking.

Busskur med reklame og ein dekorert buss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kva må du ta omsyn til når du skal montere folie? Her får du nokre konkrete tips.

Plast er eit syntetisk materiale som er bygd opp av lange hydrokarbonkjeder. Det er eit nyttig materiale, men det skaper også problem for oss.

CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Materiale