Rett til eit godt miljø
Skulemiljøet skal fremme helse, trivsel og læring. Det handlar ikkje berre om å hindre plager og dårleg læring, men også at skulemiljøet skal ha positiv innverknad på helsa, trivselen og læringa til elevane. Dersom noko i skulemiljøet skaper mistrivsel eller verkar negativt på læringa, er det i strid med lova.
Elevane skal engasjerast i planlegging og gjennomføring av eit systematisk arbeid for helse, miljø og tryggleik ved skulen. Den retten elevane har til eit godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring, finn du i opplæringslova – også kalla arbeidsmiljølov for elevane.
Det fysiske miljøet
Opplæringslova inneheld også krav til det fysiske skulemiljøet – bygningar, klasserom, skulegard osv. Skulen skal vere utforma slik at ein tek omsyn til tryggleik, helse, trivsel og læring for elevane. Alle elevane har rett til en arbeidsplass som er tilpassa til behova dei har, for eksempel slik at det blir lagt til rette for elevar med funksjonshemmingar.
Det psykososiale miljøet
Med psykososialt miljø meiner vi korleis elevane og personalet på skulen opplever tilhøvet seg imellom – særleg i undervisninga. Somme føler seg vel, både åleine og saman med venner og skulekameratar. Andre føler seg utanfor. Vi kan finne årsaker til dette både på og utanfor skulen. Skal vi trivast og kjenne oss vel, har vi behov for gode venner og for å føle tilknyting til ei gruppe.
- Eit godt psykososialt miljø verkar stimulerande og utviklande.
- Eit negativt psykososialt miljø verkar hemmande og kan vere negativt for helsa.
Skuleelevar kan ikkje i same monn som vaksne velje miljøet sitt. Samfunnet er interessert i at elevane gjennomfører ei utdanning. Då er det også eit samfunnsansvar å gjere sitt beste for å hindre at elevane opplever skuletida negativt.
Opplæringslova krev at skulen aktivt og systematisk fremmar eit godt psykososialt miljø der kvar elev kan oppleve tryggleik og sosial tilknyting.
Mobbing og diskriminering
Eit godt psykososialt miljø vil òg seie at ingen skal utsetjast for mobbing og diskriminering. Elevar som opplever å bli utsette for mobbing, vald, rasisme eller ulike former for diskriminering, skal kunne stole på at skolen tek problema deira på alvor. Skulen skal, eventuelt i samarbeid med andre forvaltningsorgan, greie å stanse slik framferd.
Definisjonen til Kunnskapsdepartementet av mobbing og ei rettleiing for arbeidet mot mobbing, diskriminering o.l., kan du lese meir om her:
Systematisk miljøarbeid og internkontroll på skulen
Eit godt skulemiljø byggjer på gjennomtenkte haldningar og eit målretta og systematisk arbeid. Lova gir skulen påbod om å arbeide aktivt og målretta for å innfri krava til skulemiljøet.
Opplæringslova § 9a–4 hos lovdata.no.
Skulen har plikt til å føre internkontroll med skulemiljøet etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular, arbeidsmiljølova, brannvernlovgivinga og anna helse-, miljø- og sikringslovgiving (HMS-lovgiving).
Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular hos lovdata.no.
Internkontroll går ut på å omsetje krava i lov og forskrift til konkrete mål for skulemiljøet, å kartleggje utfordringane og planleggje og setje i verk tiltak for å nå måla. Arbeidet må omfatte heile skulemiljøet – fysisk og psykososialt, innandørs og utandørs. Verksemda (skulen) må dokumentere at dette arbeidet er sett i gang, og at det blir følgt opp.
Internkontroll omfattar alt frå reingjering til det skulen set i verk for å førebyggje, oppdage og handtere mobbing.