Oppgåve
HMS-arbeidet ved skulen
Har du oversikt over dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen din? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper. De tek utgangspunkt i skulen de går på, og svarer på spørsmål om HMS-arbeidet ved skulen.
Veit de kven som styrer HMS-arbeidet på skulen? Finn ut kven som er HMS-ansvarleg. Avtal eit intervju med vedkommande eller ein annan som har oversikt over HMS-arbeidet på skulen.
Finn svar på desse spørsmåla:
- Kva er dei viktigaste fysiske miljøfaktorane?
- Korleis er dei tekne hand om på skulen?
- Kva er dei viktigaste psykososiale miljøfaktorane?
- Korleis er dei tekne hand om på skulen?
De kan òg bygge vidare på desse spørsmåla når de gjer intervjuet.
Samanlikn svara de fekk, med korleis de i gruppa opplever dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen. Opplever de at dei er tekne hand om på ein god måte? Reflekter og grunngi svara med døme.