Det er vanleg å dele inn brannskadar etter alvorsgrad og omfang. Ver merksam på at personen òg kan vere utsett for skadar i luftvegane viss vedkomande har pusta inn røyk. Det er viktig at du raskt veit kva du skal gjere for å avgrense skaden.
Teikn på forbrenning
Førstegradsforbrenning:
- Berre det ytre laget av huda er påført brannskade.
- Huda er vond, raud og hoven.
- Det blir rekna som ein liten brannskade dersom skaden ikkje dekkjer eit større område og ikkje sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.
Andregradsforbrenning:
- Både det ytret og det neste laget i huda har vorte påført brannskade.
- Huda er raud, flekkete, hoven og det vil oppstå blemmer.
- Personen vil ha sterke smerter.
- Det blir rekna som ein større brannskade viss skaden er større enn 5–7 cm i diameter eller sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.
Tredjegradsforbrenning:
- Alle laga i huda er brannskadde.
- Huda kan vere forkola eller ho kan sjå kvit og tørr ut.
- Personen har smerter.
Førstehjelpstiltak ved forbrenning
Ring 113 ved større og alvorlege forbrenningar. Her vil du få rettleiing og hjelp.
Førstegradsforbrenning kan ein i dei fleste tilfelle behandle sjølv.
- Avkjøl det brunne området med vatn med ein gong – vatnet skal halde ca. 20 grader, hald skaden i vatnet i 20 minutt. Hos barn skal det berre nyttast lunka vatn.
- Ikkje stikk hol på blemmer.
- Fjern smykke og liknande som sit i nærleiken av skaden.
- Klede på skadd område blir fjerna når området er avkjølt. Ikkje fjern klede som sit fast i huda.
- Det skadde området blir halde høgt.
- Ved behov for legehjelp blir det skadde området dekt før transport. Bruk tynn plastfolie eller noko anna som ikkje festar seg. Ikkje bruk salve, olje eller liknande.
- Ver òg merksam på eventuelle pustevanskar viss personen har pusta inn røyk. Følg i tilfelle instruksjonane i artikkelen Den første undersøkinga.
Kjelder
Folkehelseinstituttet/BMJ. (2017). Brannskader. Henta 1. desember 2019 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/brannskader-overflatiske
Førstehjelp ved brannskade. (2019). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk (2019). Henta 1. desember 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/brannskader/brannskade
Haugen, J. E. (2019). Brann- og strømskader. I Haugen, J. E. (Red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 253–258). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020