Faresymbol på kjemiske stoff og stoffblandingar - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Faresymbol på kjemiske stoff og stoffblandingar

Alle farlege kjemiske stoff og stoffblandingar skal merkast på rett måte. Dei skal òg emballerast på ein forsvarleg måte. Du som arbeidstakar må kunne faresymbola, slik at du kan reagere raskt ved hendingar. Du må òg kunne desse for å bruke rett verneutstyr.

Reglar

  • Alle kjemikal og stoff skal merkast.
  • Nesten tomme flasker med kjemikal skal aldri bli tømt over på nøytrale flasker.
  • Du må lære deg faresymbola for å vite korleis du skal verne deg sjølv og omgivnadene.
  • Det er arbeidsgivaren din som har ansvaret for at du får den opplæringa du treng.
  • Det er arbeidsgivaren din som har ansvaret for å ha gode rutinar for eit godt og synleg stoffkartotek.
  • Du skal få opplæring i rett førstehjelp om uhellet er ute.
  • Hugs at du må informere om skadar og uhell.

Klarer du å lære symbola?

Vedlagd finn du plakaten "Faresymbol til merking" frå Miljødirektoratet med følgande tekst:

Alle farlige kjemikalier skal være tydelig merket med faresymbol (farepiktogram), i tillegg til fare- og sikkerhetsinformasjon på norsk. Merkingen informerer om skader som kan oppstå ved bruk. Fram til 1. juni 2015 gjelder to merkesystemer parallelt. På sikt skal den nye merkingen gjelde i hele verden.

Faresymbol til merking frå Miljødirektoratet (PDF).

Test deg sjølv: bilete

I denne oppgåva skal du plassere fareinformasjonen ved rett symbol.

Test deg sjølv: definisjonar

I denne oppgåva skal du plassere faresymbol ved rett definisjon.

Skrive av Hege Nikolaisen. Rettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020