Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor skreiv realistane på 1800-talet samfunnskritisk litteratur?

Før 1850 hadde mykje av litteraturen som blei gitt ut som mål å hylle nasjonen Noreg. Etter 1850 forandra dette seg, og mange forfattarar skreiv samfunnskritisk litteratur. Kvifor blei det sånn?
Kvifor skal eg gjere dette?
  • I denne oppgåva skal du utforske den konteksten den kritisk-realistiske litteraturen kom ut i på 1800-talet.

  • Oppgåva ber deg veksle mellom å lese, lytte, snakke og skrive. Når du både snakkar og lyttar i grupper, i tillegg til å skrive på eiga hand, vil det bli lettare å forstå og hugse det faglege innhaldet.

  • Å skrive er å lære. Når du skriv ned noko de har diskutert i grupper, er det ein "sjølv-sjekk". Du innser kor mykje du har forstått, og du lærer når du skriv ned noko med eigne ord.

  • Ta vare på det du skriv her. Dette er verdifullt stoff å ha med seg til både skriftlege og munnlege vurderingar i vg3.

Del 1: Kva trur de?

Sit i grupper på fire.

  1. Les ingressen øvst i denne oppgåva. Skriv ned minst tre forslag til kva de trur kan vere svar på at litteraturen endra seg midt på 1800-talet.

  2. Del med resten av klassen. Skriv opp alle forslaga på tavla eller del i samskrivingsdokument. La desse bli ståande medan de jobbar vidare. De treng dei til den siste delen av denne oppgåva.

Del 2: Les og fortel

Hald fram i grupper på fire.

  1. No skal de lese artikkelen "Fire årsaker til at den kritiske realismen oppstod." Ein i gruppa les seg opp på årsak 1, ein annan på årsak 2 og så vidare ...

  2. Etter at de har lese kvar dykkar del, skal de skrive eit samandrag på maks fem setningar. Øv dykk på å fortelje att utanåt.

  3. Fortel kvarandre kva de har lese. De som lyttar, bør ta notat. Desse treng de til del 3.

Relatert innhald

Del 3: Skriv ned

Har du forstått dei fire årsakene til at realismen oppstod? Det får du testa når du skal skrive ned det du har lært.

  1. Lag denne overskrifta på arket eller dokumentet ditt: "Fire årsaker til at forfattarane skreiv realistisk på slutten av 1800-talet".

  2. Fortel att, skriftleg og med eigne ord, dei fire årsakene til at litteraturen endra karakter frå romantisk til kritisk-realistisk etter 1850.

Nøkkelord

Ta gjerne med desse orda i attforteljinga di. Kanskje kan dei òg hjelpe deg til å hugse og strukturere stoffet?

Årsak 1: Romantikken, tendensroman, reaksjon, prydmåling.

Årsak 2: Fattigdom, den borgarlege kvinna, arbeidarkvinna, prostitusjon.

Årsak 3: Nye straumdrag i Europa, Søren Kierkegaard, John Stuart Mill, fridom, sanning.

Årsak 4: Ny europeisk litteratur, Brandes, Honoré de Balzac, Charles Flaubert, George Sand.

Del 4: Snakk i grupper igjen

Gå tilbake i gruppene og fortel kvarandre kva de skreiv ned. Still spørsmål og sikre at alle har forstått kvar av dei fire årsakene.

Del 5: I plenum

Sjå på årsakene de skreiv ned i del 1 av oppgåva. Diskuter:

  1. Var de inne på nokon riktige årsaker? Korleis klarte de i så fall å tenkje dykk til dette?

  2. Var det nokon årsaker de ikkje var inne på? Kva kan i så fall vere årsaka til dette?

Del 6: Tekst i kontekst

  1. Sjå videoen om tekst i kontekst under.

  2. Diskuter: Korleis kan konteksten, som du nettopp har jobba med, hjelpe deg til å forstå teksten frå 1800-talet?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!