Kodekammer: fru Alving i Gjengangere - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Spill

Kodekammer: fru Alving i Gjengangere

I dette kodekammeret er målet å komme seg ut av rommet. Du er fru Alving som gøymer mange skjulte hemmelegheiter i fortida di. No ventar du på pastor Manders. Spørsmålet er: Skal du starte på eit nytt og sannare liv, eller skal du framleis halde fasaden?
Tips til spelet
  • Spel i fullskjermmodus.

  • Spelet er eit kodekammer (escape room). Det vil seie at du må løyse nokre oppgåver og finne eit kodeord for å komme deg vidare i spelet.

  • Det kan gøyme seg informasjon mange stader i rommet. Legg merke til når musepeikaren går frå å vere ei open hand (🤚) til å peike(👆). Då kan du klikke.

  • Du kan velje å ha på lyd. Den slår du på nede i venstre hjørne (🔊).

  • Det kan vere lurt å opne videoar i fullskjermmodus òg. Videoane blir lukka igjen ved at du klikkar på knappen nede til høgre.

  • Ta deg tid til å lese teksten nøye. Sceneskildringane er spesielt viktige. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre.

Lærarrettleiing

Ver klar over at elevane lett kan bli veldig opptekne av konkurransen. Derfor kan det vere lurt å følge opp med oppgåvene som høyrer til for å sikre at dei les teksten og reflekterer over innhaldet.

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kvifor skreiv Henrik Ibsen Gjengangere?

Kvifor skreiv Ibsen dramaet Gjengangere? Her skal du undersøkje koplinga mellom dei to dramaa og diskutere kva forventningar du har til stykket .

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022