"Gutten" – ei novelle om skilsmisse - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

"Gutten" – ei novelle om skilsmisse

I novella "Gutten" (2019) av Margaret Skjelbred ser vi dei vaksne frå eit barn sitt perspektiv. Kva seier historia oss om korleis det er å vere skilsmissebarn og ha dysfunksjonelle vaksne?

Del 1: Les novella og skriv ned førsteinntrykket

  1. Les novella "Gutten" (under).

  2. Skriv ned alt du synest er viktig i denne novella. Det kan til dømes vere

    • kva kjensler novella vekte i deg

    • om det var nokon av karakterane du fekk sympati eller antipati for og kvifor

    • kva du meiner er temaet i novella

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Gutten

Novelle av Margaret Skjelbred

Del 2: Lag eit relasjonsskjema

  1. Kva forhold har karakterane i novella til kvarandre? Lag ei oversikt der du skriv/teiknar inn korleis forholdet er mellom guten og

    • mora til guten

    • stemora til guten

    • far til guten

  2. Finn sitat i novella som viser korleis relasjonane er mellom dei ulike karakterane.

  3. Dei ulike karakterane har også sine problem. Skriv inn kva problem kvar karakter i novella har.

Del 3: "Gutten" og sympati

Synsvinkelen i novella er lagt til guten. Vi ser altså dei vaksne og problema deira gjennom auga til guten.

  1. Finn sitat i novella som du synest viser barnet sitt perspektiv på vaksne sine problem.

  2. Kva funksjon har det at lesaren ser historia gjennom ein ung gut sine auge?

  3. Guten står midt i ein konflikt mellom mora og far sin. Kva sitat viser at han gjer det?

  4. Kva vil de seie novella fortel om korleis det er å vere eit skilsmissebarn?

  5. Les artikkelen "Sympati" av Tone Selboe (under). Teksten handlar om korleis realistane generelt, og Charles Dickens spesielt, skaper sympati med karakterane sine. Synest de nokon av tankane i artikkelen kan overførast til novella "Gutten"? Grunngi svaret ved å vise til sitat.

  6. Novella sluttar katastrofalt. Kvifor trur de forfattaren har valt denne avslutninga?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Sympati (utdrag)

Korleis, og kvifor, skaper realisten Charles Dickens sympati med karakterane sine?

Del 4: Også ei novelle om omsorgssvikt?

Diskuter i par:

Vil de seie at mor til guten er eigna til å ha omsorg? Grunngi svaret ved å vise til tekstsitat.

Del 5: Å lese gjer deg meir empatisk

  1. Les artikkelen "Skjønnlitteratur kan gjøre oss mer empatiske" på Forskning.no.

  2. Skriv ned: Korleis kan det å lese denne novella få deg til å forstå andre menneske sine kjensler betre?

  3. Byt lapp med ein medelev og les svaret til eleven.

  4. Var det noko i svara de syntest var spesielt godt skrive? Les det høgt for resten av klassen.

  5. Kor mange av dykk les skjønnlitteratur på fritida? Ta ei avstemming i klassen. Diskuter deretter om de les nok skjønnlitteratur.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022