"Du må ikke sove" – framleis aktuelt?
Når vi les Arnulf Øverlands dikt "Du må ikke sove", kan vi bli imponerte over kor framsynt han var. Han skreiv det før andre verdskrigen, altså før vi visste om konsentrasjonsleirane og Holocaust.
Diskuter i grupper:
Har de høyrt, eller høyrt om, diktet "Du må ikke sove"? Kva veit de om diktet?
Kva veit de om den konteksten diktet kom ut i? Kvifor blir 1930-talet ofte karakterisert som "ei dramatisk tid for Europa"?
Kva er kommunisme, fascisme og nazisme?
Ha diktet "Du må ikke sove" framfor deg. Du kan finne det i diktsamlinga Den røde front på Nasjonalbiblioteket.
Finn deretter fram Øverlands eigen opplesnad av diktet på NRK. Lytt til opplesnaden medan du les.
Svar deretter på desse spørsmåla åleine:
Legg merke til korleis Øverland les diktet. Kva ord vil du bruke om måten han les på?
Beskriv stemninga i diktet. Korleis synest du ho er?
Kva vil du seie er bodskapen i diktet?
Kven meiner du "eg" og "dei" er i diktet? Grunngi svaret ditt.
Diktet er sterkt appellativt, det manar til motstand. Kva verkemiddel synest du får fram denne bodskapen?
Øverland var kommunist. Ei verselinje viser dette. Klarer du å finne henne?
Klarer du å finne ein allusjon i diktet? Kva funksjon har han?
Gå gjennom svara dykkar i grupper.
Diskuter om heile eller delar av diktet kan vere aktuelt i dag.
I 2018 framførte Eline Ruud Kristiansen diktet til Arnulf Øverland i modernisert versjon under UKM-festivalen (Ungdommens Kulturmønstring).
Du kan sjå framføringa på UKM-TV.
- Kva er bodskapen i Eline Ruud Kristiansens dikt?
- Kva effekt har det at ho bruker Øverlands eigne ord i teksten sin?
Samanlikn bodskapen i Øverlands og Ruud Kristiansens dikt og diskuter teksten i kontekst. Kom gjerne inn på desse spørsmåla:
Kva sider ved samfunnet på 30-talet er det Øverland meiner folket må vakne opp og sjå?
Kva samfunnsproblem peikar Eline Ruud Kristiansen på når ho seier "Du må framleis ikkje sove"?
Litteratur
Øverland, A. (1937). "Du må ikke sove" frå Den røde front. Oslo, Tiden 1937.
Relatert innhald
Les "Kristendommen, den tiende landeplage" av Arnulf Øverland og samanlikn denne med striden om Muhammed-karikaturane.
Dikt kan vere samfunnskritiske. "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland er framleis aktuelt i dag.