Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Krig endra Nordahl Grieg

Korleis påverka krigserfaringane Griegs dikting? Samanlikn dei to dikta "Til ungdommen" (1936) og "Øya i ishavet" (1942).
Mannskapet på Vingtor 2 i mai 1942 etter den første spesialoperasjonen deira i Noreg. Pilot Finn Lambrechts står med sigarett under flagget, forfattar Nordahl Grieg er nummer to frå høgre. Alle sett frå venstre: Agnar Næss, Constantin Christensen, Bjørn Tingulstad, Kåre Stenwig, Finn Lambrechts, (Finn Christiansen delvis skjult bak Lambrechts), Jon Olavson Roe, Håkon Offerdal, Nordahl Grieg, Hans Rønningen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Les dikta

Les først diktet "Til ungdommen" (1936) og svar på spørsmåla under. Gjer deretter det same med diktet "Øya i ishavet" (1942). Du finn dikta nedst på sida.

  1. Noter ned førsteinntrykket. Kva for kjensler og stemningar meiner du diktet formidlar?

  2. Kva opplever du at diktet handlar om?

Del 2: Diskuter med ein medelev

Svar på spørsmåla når du har lese begge dikta:

  1. Kva opplever du er forskjellen mellom dei? Noter!

  2. Samanlikn notata dine med det ein medelev har skrive. Samarbeid deretter om å skrive minst tre setningar som beskriv likskapar og forskjellar mellom dikta.

Del 3: Les litt om Grieg

Nordahl Grieg var både lyrikar, romanforfattar, dramatikar, krigsreporter og politisk aktivist. For mange er han mest kjend for diktet "Til ungdommen", som blei aktualisert igjen etter terrorangrepet på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011.

Mange kjenner òg til at Nordahl Grieg var motstandsmann under andre verdskrigen. I spelefilmen Gulltransporten (2022) ser vi helten Grieg som er med på å redde Noregs gullreservar frå tyskarane. Grieg døydde i desember 1943, då flyet han sat i blei skote ned over Potsdam ved Berlin. Du kan lese meir i artikkelen om Nordahl Grieg i Norsk biografisk leksikon.

Grieg endrar meining

Det ikkje så mange veit, er at Nordahl Griegs krigserfaringar fekk han til å endre syn på krig. Han skreiv diktet "Øya i ishavet" i 1942 som ein kritikk av sine eigne haldningar i diktet "Til ungdommen".

Forfattar og journalist Håvard Rem skriv mellom anna dette i artikkelen "Krig endra Grieg" (Dag og tid, 2023):

Dei stalinistiske "Til ungdommen"-utopiane til den unge Grieg dikta han i sørlandsk sumaridyll i 1936. "Øya i ishavet" skreiv han som stridande ein kald krigssumar på Jan Mayen, medan tyske fly sirkla over øya. (Rem, 2023)

Del 4: Les dikta i kontekst

No som du veit litt om kven Nordahl Grieg er, og har lese det Håvard Rem skriv i sitatet over, skal du lese dikta på nytt.

  1. Start med å finlese dikta.

    • Kven er stemma i diktet? (lyrisk eg)

    • Kven snakkar stemma til?

    • Korleis er rimmønsteret?

  2. Håvard Rem hevdar at Grieg skreiv det eine diktet i ein sommaridyll, mens det andre blei skrive ein kald krigssommar. Ser du spor av dette i dikta? Skriv ned døme.

    • Tips: Marker lada ord med ulike fargar – til dømes positivt lada ord med gul, negativt lada ord med blå.

  3. Klarer du å sjå i dikta at Grieg endra meining? Peik på ord og linjer i dikta som du meiner viser dette.

    • Tips! Sjå spesielt på strofe 6 og 7.

Del 5: Les Håvard Rems analyse

Les (og/eller høyr) artikkelen "Krig endra Grieg" i Dag og tid, der Håvard Rem skriv om korleis Nordahl Grieg endra haldning.

  1. Kva tema er Håvard Rem innom i denne artikkelen? Noter ned og vis til døme frå teksten.

  2. Kva vil Rem oppnå med teksten sin, slik du oppfattar det?

  3. Rem samanliknar dei to dikta og peikar på viktige likskapar og forskjellar. Korleis stemmer det med dine eigne notat frå oppgåvene over?

Relatert innhald

Diktet "Øya i ishavet" av Nordahl Grieg frå samlinga Friheten (1942).

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945