Ærens mark av Arnulf Øverland
Novella har handling frå første verdskrigen. Kva veit de om denne krigen? Diskuter i grupper:
Kva land kjempa mot kvarandre i krigen?
Kvifor blir første verdskrigen kalla ein "skyttargravskrig"?
Kvifor blir generasjonen som kjempa i krigen kalla "Den tapte generasjonen"?
Les novella "Ærens mark" (1923) av Arnulf Øverland.
Relatert innhald
Novelle som skildrar møtet mellom to soldatar i skyttargravene under første verdskrigen.
Jobb aleine
Kva meiner du er temaet i novella? Prøv å formulere det med berre eitt ord.
Finn to sitat du synest viser det som er temaet i novella.
Samanlikn med medelevar
Samanlikn med andre i klassen. Kva ord skreiv de? Og kva sitat valde de ut?
Jobb aleine igjen
Les ned til ”og vi måtte dø eller drepe” på den første sida i novella. Kva kan du seie om eg-forteljaren i novella? Korleis framstiller han seg sjølv og minna sine?
Korleis blir livet framstilt i skyttargravene i novella? Og forholdet soldatane i mellom?
Kvifor trur du møtet med Gaston gjer så stort inntrykk på eg-forteljaren?
Les den siste sida grundig. Korleis unnskyldar eg-personen at han drep Gaston?
Meiner du eg-personen har noko val i den situasjonen han er i?
Kunne han late vere å drepe Gaston?
Tek Gaston eit val idet han møter hovudpersonen på slagmarka? Grunngi ved å vise til eit sitat.
Har han ansvar for krigen sin råskap, eller er han ein uskyldig soldat?
Diskuter i plenum
Diskuter spørsmåla over i plenum. Legg særleg vekt på det siste spørsmålet.
I dialogen mellom hovudpersonen og Gaston er det ein replikk som viser det som kanskje er forfattaren sitt syn på om hovudpersonen er skyldig eller ikkje. Klarer de å finne det?
Kva hadde de gjort om de var i hovudpersonen sine sko?
Det er mange teikn på at forteljaren i novella er upåliteleg. Det vil seie at han påstår noko som ikkje er sant, men fleire passasjar i novella hintar om det motsette. Finn passasjar i teksten som viser dette. Tips:
Blod (Kven i historia er kjend for å ha vaska hendene sine som eit teikn på uskyld?)
Gjentakande påstandar som kanskje ikkje er sanne?
"Jeg husker ingen" – men korleis blir sjølve drapsaugneblinken skildra?
Les artikkelen om komposisjon i episke tekstar (under).
Medan du skriv, skal du skrive ned alle orda som står i parentes i artikkelen.
Kva for nokre av desse fagomgrepa meiner du er relevante å bruke på "Ærens mark"?
Relatert innhald
Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Vi bruker komposisjonsprinsipp for å skape bestemde uttrykk i design, produkt eller arbeid.
Skriv eit avsnitt om korleis den upålitelege forteljaren og komposisjonen får fram temaet i novella. Målet er å vise at novella startar i notid med at forteljaren påstår noko om seg sjølv. Men tilbakeblikka viser at han ikkje er til å stole på. Og det er desse verkemidla som særleg får fram temaet.
I avsnittet skal du bruke desse fagomgrepa:
in medias res
notidshandling
tilbakeblikk
frampeik
gjentaking
høgdepunkt
løysing
Du skal òg bruke sitat frå novella for å grunngi påstandane dine.
Finn to–tre sitat der hovudpersonen seier at han ikkje har problem med drapet. Finn i tillegg to–tre sitat som viser kor mykje han bryr seg.
Bruk denne temasetninga om du synest det er vanskeleg å setje i gang:
"Komposisjonen i novella bidreg til at skyldkjensla til forteljaren kjem ytterlegare fram. Det er nemleg ein kontrast mellom…»
Relatert innhald
Les "Kristendommen, den tiende landeplage" av Arnulf Øverland og samanlikn denne med striden om Muhammed-karikaturane.
Omgrepa skam og ære har vore viktige i litteratur gjennom tidene. Her skal du samanlikne tekstar som tek for seg temaet.