Hopp til innhald

Fagstoff

Dei store temaa i litteraturen

Du har sikkert lagt merke til det når du les litteratur, ser på film eller speler dataspel: Sjølv om tekstane er veldig ulike, har dei òg mykje til felles. Dei rører ved nokre sentrale tema som vi menneske er opptekne av. Vi finn temaa igjen i tekstar frå dei eldste tider til i dag.


Temaa i litteraturen er naturleg nok knytte til det å vere menneske. På ulikt sett blir det forklart, diskutert, beskrive og reflektert rundt små og store spørsmål i både sakprosaen og skjønnlitteraturen. Det viktigaste skiljet i behandlinga av tema ligg mellom det fiktive og det ikkje-fiktive. Sjølv om det er glidande overgangar mellom sjangrane, kan vi seie at hovudregelen er at sakprosaane skal halde seg til sak og byggje på fakta, medan skjønnlitteraturen er oppdikta.

Skjønnlitterære forfattarar kan dikte opp tenkte personar, hendingar, tankar og kjensler. Dei skaper ei verd eller ei stemning som lesaren heilt eller delvis kan kjenne seg igjen i. Det gir ei annan type innsikt enn å lese om det same temaet i ein fagartikkel. Skal du gå i djupna på eit tema, kan det derfor vere lurt å lese tekstar frå fleire sjangrar. Det er òg verd å nemne at romanar gjerne er innom fleire store tema.

I tillegg til dei ulike perspektiva tekstsjangrane gir oss, kan måten dei behandlar dei store temaa på, fortelje oss mykje om tida tekstane blei til i. Kulturen og verdiane i samfunnet blir viste i både innhald og form.

Tenk over/diskuter: Kva kan du lære når du les ein roman eller eit dikt der temaet er forelsking?

Vi skal sjå litt nærare på nokre store tema som går igjen i skjønnlitteraturen:

En ung mann ligger død på senga etter å ha tatt selvmord. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Livet og døden

Kva er meininga med livet? Kvar kjem vi frå? Kva skjer når vi døyr? Det er store, eksistensielle spørsmål som mange prøver å finne svar på.

I mytar og religiøse forteljingar fins det skildringar av korleis jorda og menneska blei skapte, og kva som skjer når vi døyr. For somme er desse tekstane "svaret", medan det for andre er fiksjon.

I songlyrikk gjennom tidene har både angst for døden og sorg vore eit vanleg tema. Kjenslene knytte til temaet blir uttrykte med språklege bilete, fortetta språk og form. I sagaer, noveller og romanar finn vi forteljingar der hovudpersonane må møte sjukdom og død.

Også det store spørsmålet "Kva er meininga med livet?" møter vi i stort sett alle skjønnlitterære sjangrar. Det å leite etter meininga med livet, eller miste ho, er ganske vanlege motiv. Eit lyrisk eg i eit dikt, eller ein hovudperson i ein roman, opplever eit tap. Kanskje nokon dei er glade i døyr, dei mistar jobben sin eller blir alvorleg sjuke.

Nokre tekstar om livet og døden

"Balders død" (Ukjent). Frå Den eldre Edda.

Hamlet (skodespel, 1609).William Shakespeare.

"En Sang om Døden" (dikt, 1678). Dorothe Engelbretsdotter.

"Mig selv" (dikt, 1841). Henrik Wergeland.

Er du alt der, den mørke blomen min. Nordiske dikt om døden. (diktsamling, 1989)

Ved helt riktig måne (diktsamling, 2015). Annebelle Despard.

Engel i snøen (roman, 2016). Anders Totland.

Det gode mot det vonde

Kva som er godt og kva som er vondt, handlar om moral og verdiar og er sterkt knytt til samfunnet og kulturen vi lever i. Vi har ei ganske lik forståing av kva som ligg i omgrepa, og det er nødvendig for at forteljingar med dette temaet skal fungere. Dei fleste stiller seg på det gode si side i kampen mot det vonde. Det vonde er og knytt til omgrep som hat, død og øydelegging.

Faust med et pergament i hånda og djevelen som lurer bak ham kledd i rødt. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kampen mellom det gode og det vonde ser vi allereie i dei eldste tekstane vi kjenner til. Krafta som arbeider for å bryte ned det gode i mennesket, kan til dømes opptre som eit dyr, eit menneske eller som ein fantasifigur. Somme gonger kan det vonde blir knytt til symbol, som djevelteikn og tal. Det gode og det vonde kan òg vere to krefter som kjempar mot kvarandre inni ein person.

I fantasy-tekstar er kampen mellom det gode og det vonde hovudtemaet og ganske eksplisitt uttrykt. Helten er berre god, skurken berre vond. I andre sjangrar kan tematikken visast i ein hovudperson som blir sliten mellom det gode og det vonde. Det er meir komplekse personlegdommar.

Les meir om det gode og det vonde i artikkelen skrive av førsteamanuensis Oddbjørn Johannessen: Det gode og det onde. (ekstern lenkje)

Nokre tekstar om kampen mellom det gode og det vonde

Voluspå (ukjent). Strofene om Ragnarok.

Rødhette og ulven (ukjent). Skrive ned av brørne Grimm i 1818.

Ringenes herre (roman, 1954) J.R.R. Tolkien.

En flyktning krysser sitt spor (1933). Aksel Sandemose.

Harry Potter (romanserie, 1997). J.K. Rowlings.

Eit gammalt par som kysser i eit svømmebasseng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjærleiken

Kjærleiksmotivet finn vi òg igjen i alle sjangrar. Som oftast blir kjensler mellom to menneske skildra. Det kan vere den romantiske kjærleiken eller kjærleiken til andre personar som står deg nær. Det kan òg vere kjærleiken til ein gud, til eit land eller til materielle ting.

Omgrep som forelsking, erotikk, lengsel og sjalusi er tett knytte til temaet kjærleik. I skjønnlitteraturen blir dei store kjenslene skildra, og kva som skjer når desse får styre vala personane tek. Ofte ser vi at kjærleiken skaper problem. Han er forboden, ikkje godteken av samfunnet rundt, og han kan få karakterane til å handle destruktivt.

At tidene pregar korleis eit tema blir behandla, ser vi tydeleg i framstillinga av erotikk. Det er store forskjellar mellom ein norsk roman frå 1800-talet og ein frå 2000-talet. No er det akseptert å skildre dei mest intime augneblinkane i detaljar, og med ord som tidlegare var heilt utenkjelege å bruke på trykk. For berre nokre tiår sidan ville slike skildringar føre til at romanen blei forboden. For eit par hundre år sidan var dei utenkjelege. Det viser oss at verdiane i samfunnet har endra seg.

Nokre tekstar om kjærleik

"Salomos høysang" (ukjend). Frå Det gamle testamentet.

Gunnlaug Ormstunge (islendingesaga, ukjend)

Romeo og Julie. (skodespel, 1597). Shakespeare

Hvilket rom har bare plass til én? (dikt, 1994). Gro Dahle.

Det ødelagte gjerdet (novelle, 1998). Bjarte Breiteig.

Stupeteknikk (novelle, 2018). Ingrid Senje.

Skam (TV-serie, sesong 2 og 3, 2016)

Skogbunn dekket av blomstrende hvitveis, nedfalls trær viser at skogen er urørt. Jeløya, Moss, Østfold. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturen

Mennesket lever av og i naturen. Tidlegare var vi heilt avhengige av å kunne hente ressursar direkte frå hav og skog, og ei vellykka avling frå jorda kunne vere forskjell på liv og død. Det nære avhengnadsforholdet mellom mennesket og naturen er beskrive i mange tekstar.

Somme stader er naturskildringane parallellar til det som skjer i livet til hovudpersonen. Vatn som tiner og spirande blomstrar, kan til dømes symbolisere ungdom og forelsking, medan blad som fell, kan varsle at livet går mot slutten.

Inntoget i industrien endra forholdet vårt til naturen på godt og vondt. Forfattarar på 1900-talet tematiserte korleis maskinane fjerna mennesket frå det naturlege: Dei blei framandgjorde. I både lyrikk og romanar blir personar som ikkje lenger ser meininga med livet, skildra.

I dag er det få som lever så tett på naturen som dei gjorde i jordbrukssamfunnet. Vi bruker naturen til fritidsaktivitetar. Men i tillegg har det komme ei aukande forståing for at naturen er trua, og vi blir igjen merksame på kor viktig naturen er for oss. Desse samfunnsmessige endringane finn vi igjen i skjønnlitteraturen. Vi får til dømes romanar som skildrar kva som skjer etter ein tenkt katastrofe, når klimaendringane har gjort store delar av verda ulevelig.

Nokre tekstar om naturen

Søfuglen (dikt, 1836). Johan Sebastian Welhaven.

Torvmyr (novelle, 1880). Alexander Kielland

Pan (roman, 1894). Knut Hamsun.

Markens grøde (roman, 1917). Knut Hamsun.

"Landskap med gravemaskiner" (dikt, 1954). Rolf Jacobsen.

Snøvinter (dikt, 1995). Hans Børli.

Blå (roman, 2017). Maja Lunde.

Begynnelser (2019). Carl Frode Tiller.

Individet og samfunnet

Temaa som er nemnde her, handlar på ulike måtar om korleis mennesket stiller seg til omgivnadene sine, til andre menneske og til naturen. Vi kan seie at dei aller fleste tekstane på ein aller annan måte tematiserer korleis individet møter samfunnet. Ofte ser vi karakterar i noveller og romanar som slit med å passe inn. Dei bryt normer og reglar, hamner i konfliktar og blir ulykkelege.

Det ligg ofte ein samfunnskritikk i desse tekstane. Vi finn karakterar som prøver å endre samfunnsstrukturar, utfordre makta og bli høyrde. Den kritiske røsta finst òg i lyrikken, til dømes eksplisitt som i kamplyrikk, eller ved eit lyrisk eg som observerer og skildrar kjensler.

Nokre tekstar om individet og samfunnet

Et dukkehjem (drama, 1979). Henrik Ibsen.

Sult (roman, 1890). Knut Hamsun.

Medmenneske (roman, 1941). Olav Duun.

Sangen om den røde rubin (roman, 1956). Agnar Mykle.

Fra Kristianiabohemen (roman, 1885). Hans Jæger.

Diktet "Arbeideren" i romanen Streik (1891). Per Sivle.

Av måneskinn gror det ingenting (1947). Torborg Nedreaas.

Ute av verden (roman, 1998). Karl Ove Knausgård.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Kva er tekst i kontekst?