Rulletrappen – ein allegori over livet?
Oppgåve 1
Sjå filmen Rulletrappen av Christopher Nielsen. Diskuter deretter i grupper:
Den konkrete handlinga i filmen er menn som går oppover ei rulletrapp. Kva kan dette vere ein allegori over? Grunngi svaret.
Kva funksjon meiner de karakteren som tviler og stiller spørsmål, har i filmen?
Oppgåve 2
Filmen kan tolkast som ein allegori over det moderne livet. Diskuter om de kan kjenne dykk igjen i filmen. Ta utgangspunkt i spørsmåla under:
Er det slik at vi alle gjer det same i livet – utan heilt å vite kvifor? Kom med døme.
Er A4-livet meiningslaust og mållaust? Grunngi svaret ditt.
Kva for usynlege forventningar som vi skal oppfylle, møter vi i dag?
Burde fleire ha tvilt på dei usynlege forventningane i samfunnet og stilt spørsmål? Korleis skulle vi i så fall gått fram?
Oppgåve 3
Skriv ein tekst på cirka 300 ord om korleis Rulletrappen kan vere ein allegori over livet i det moderne samfunnet.
Oppgåve 4
Samanlikn filmen med desse modernistiske tekstane:
"Emigrantene" av Dag Solstad
"Som i en kinosal" av Paal Brekke
"Foran loven" av Franz Kafka