To tekstar om kropp
Eg har det jo eigentleg ikkje så verst. Eg har mange venner. Ein kjekk og utfordrande jobb. Eg eig mi eiga leilegheit. Og uansett kva andre skulle meine om det, så trivst eg som singel.
Men er eg vellukka?
Uansett kor mykje eg tener, eller kva jobb eg har, eller kva resultat eg oppnår, vil eg jo vere tjukk. Han tjukke, som trass alt har det bra.
Eg veit faen ete meg ikkje om eg er lukkeleg. Det er så masse motstridande i det eg tenker. Eg er jo eigentleg lukkeleg. Men samfunnet, skjønnheitsideala, Kari Jaquesson, Fedon Lindberg seier at eg ikkje er det. Er eg ekspert på å vere lukkeleg? Er kvar sin eigen ekspert?
Jeg sitter naken foran speilet. Ribbeinet mitt stikker ut skeivt på grunn av skoliosen. Det sentrale venekateteret til livsviktig ernæring henger over høyre nippel. Magen er dekket av blåmerker fra sprøyter. Hofta er skeiv. Armene vridd i ulike positurer grunnet spasmer. Fra nesen henger det en nesemaske til respiratoren. Øynene mine stirrer mot meg.
Det er da det slår meg at kropper som min sjelden får plass. Den er ikke i media, reklame eller på film. Det er ikke tatt høyde for at kroppen min eksisterer. For andre er den først og fremst et bilde på sykdom, skade. At noe er feil. Men for meg er det hverdags.
Jeg elsker kroppen min. Alt den får til og all nytelse jeg kan ha i den. Min kropp bryter med samfunnets forventninger, den sorteres ofte, om ikke alltid, bort når vi snakker om hva som er sexy eller attraktivt.
Ingen diskuterer min markedsverdi, for alle er enige om at den er på null.
Fjellanger, K. (2010). Feit. Mitt liv som tjukkas. Forlaget Manifest.
Thunem, I. (2021, 6. desember). Hvor er kropper som min? Dagsavisen. Debattinnlegg.
Relatert innhald
Skriveoppgåve med vedlegg er ein del av skriftleg eksamen i norsk for yrkesfag. Lær korleis du kan skrive eit godt oppgåvesvar.