Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utanfor – eit teaterstykke om å ikkje passe inn.

Fire norske ungdommar står på scena og fortel om utanforskap. Kva for ulike årsaker fortel dei om? Og kva kan bidra til å få dei inn igjen?

Del 1. Historiene til Yousef og Faden

Stykket Utafor er bygd opp av historiene til fire unge menneske: Faden, Yousef, Tor og Siri. Du kan sjå det med Feide-innlogging på Applaus scene.

Sjå første halvdel av skodespelet, fram til 0:51. I denne delen av stykket får de høyre historiene til Yousef og Faden.

Diskuter desse spørsmåla etterpå:

  1. Kva seier Yousef om årsaka til at han konverterte til islam?

  2. Korleis reagerer omgivnadene hans på at han blir muslim?

  3. Kva var det som førte til at Yousef fekk ekstreme meiningar?

  4. Og kva var årsaka til at han trekte seg tilbake frå det ekstreme miljøet?

Faden

  1. Kva for nokre ekstreme haldningar meiner Faden at ho sjølv hadde som ung?

  2. Kva var årsaka til at ho fekk desse tankane?

  3. Kva var det som endra ho?

Dei små historiene

  • I tillegg til Faden og Yousefs historier fortel dansarane på scena ei rekkje småhistorier sendt inn av anonyme ungdommar. Kva funksjon meiner de desse har i stykket?

Reflekter over:

  • Kvifor trur de at lokalbefolkninga på Nøtterøy reagerte så sterkt på at Yousef konverterte til islam?

  • Kvifor trur de Faden hadde fordommar og var reservert då ho starta på skule på vestkanten i Oslo?

  • Kva synest de desse to historiene seier om haldningar til islam i Noreg?

Del 2. Tor og Siri

Tor

  • Kvifor synest Tor det er vanskeleg å seie høgt at han er jøde?

  • Kva fordommar og haldningar mot jødar fortel Tor om i historia si?

  • På eit tidspunkt valde Tor å vise fram identiteten sin ved å gå med eit Davidsmykke rundt halsen. Kvifor slutta han med det?

Siri

  • Siri fortel ikkje om eigen utanforskap på grunn av religiøs overtyding og utsjånad. Kva funksjon meiner de historia hennar har i stykket?

Ein elev lenar seg mot eit bokskap og ser bort på ein gjeng med fire andre ungdommar som står litt lenger unna og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3. Skriv åleine

Skriv ein tekst på ca. 500 ord der du svarer på desse to spørsmåla:

  1. Reflekter over korleis dei fire historiene i stykket handlar om utanforskap. Kva kan vere årsaker til utanforskap, ifølgje stykket, og kva kan hjelpe menneske "inn" i samfunnet igjen?

  2. Kva andre typar utanforskap kjenner du til enn dei du høyrde om i stykket?

Del 4. Les og diskuter

  1. Byt teksten du skreiv i del 3 med 2–3 andre elevar. Les tekstane til kvarandre.

  2. Diskuter i grupper: Politikarane seier stadig vekk at vi må førebyggje utanforskap. Men er det eigentleg mogleg? I så fall: Korleis?

  3. Korleis kan personlege historier frå folk som Yousef, Faden og Tor bidra til auka forståing for utanforskap?

Relatert innhald

Korleis kan det skje at to godt integrerte jenter dreg til Syria for å krige med IS? Oppgåvene tek utgangspunkt i eit utdrag frå Seierstads To søstre.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?