"Arbeidsnever" - ei novelle om livet i arbeidarklassen
Når vi les skjønnlitterære tekstar, er det ikkje alltid relevant å gå inn på biografien til forfattaren. Men novella "Arbeidsnever" har ei handling som liknar på Jan Kristoffer Dales eige liv. I radioprogrammet Sommer i P2 på NRK fortalde Dale om ein oppvekst med utestenging og mobbing både frå andre ungdommar og frå lærarar på grunn av vekta si.
Lytt til podkasten på nettsidene til NRK: Sommer og vinter i P2 (nrk.no)
Diskuter i grupper:
Kva synest de om Dales forteljing om eigen oppvekst? Var det delar av historia som gjorde spesielt inntrykk på dykk? Kvifor (ikkje)?
Relatert innhald
Åleine:
Les novella
Kva kjensler sit du igjen med etter å ha lese novella? Skriv ned.
I grupper:
Forklar kva du skreiv og forklar kvifor du sit igjen med desse kjenslene.
Kva likskapstrekk finn de mellom Jan Kristoffer Dales eige liv og handlinga i novella?
Kva miljø går handlinga føre seg i?
Korleis synest de forfattaren framstiller jobben til Trygve? Vis med minst to sitat frå novella.
Kva meiner de er temaet i novella? Grunngi ved å finne minst eitt eller to sitat.
I plenum:
Alle gruppene kjem med bidraga sine til kva som kan vere temaet i novella. Skriv dei opp på tavla.
Vi bruker gjerne omgrepet spenningskurve om handlinga i skjønnlitterære tekstar. Grovt sett kan vi seie at dei har:
innleiing
eitt eller fleire høgdepunkt/vende-punkt
avslutning
I par:
Diskuter og teikn opp spenningskurva i novella "Arbeidsnever".
I plenum:
Samanlikn illustrasjonane dykkar med dei andres i klassen.
Kvifor trur de Jan Kristoffer Dale har valt nettopp denne spenningskurva?
Korleis bidreg spenningskurva i novella til å skape realisme? Eller med andre ord: Kvifor gjer nettopp denne spenningskurva novella meir røyndomsnær?
Eit anna verkemiddel i novella som bidreg til realismen er replikkane. Finn døme på dette.
Korleis vekslar novella mellom notid og fortid? Korleis bidreg tilbakeblikka med å forklare kven Trygve er i notidshandlinga?
Novella har eit døme på gjentakande symbolikk. Klarer de å finne denne og forklare kva han betyr for novella?
Jan Kristoffer Dale vart intervjua av Dagsavisen like etter at novellesamlinga Arbeidsnever kom ut. I dette intervjuet sa han:
– Jeg var veldig sinna da jeg skrev tittelnovella, "Arbeidsnever" [...] At Norge liksom er et klassefritt samfunn, bare ler han av. – Det skal ikke mye til for å vise at klasseskillet fins likevel. Et par år på høgskole, sett mot noen som kanskje ikke fullførte videregående, så ser man forskjellene. Hvordan man går kledd, hva man spiser, små og store ting. Da jeg jobba i flaskesorteringa på bryggeriet hadde vi av og til folk innom på kveldstid, som dugnad for lag og foreninger. Da sto det menn med høy utdannelse og lederstillinger i andre bransjer, side om side med meg, og snakket om at dette her var en skikkelig bomsejobb. Jobben jeg utførte hver dag. Min mor, som er reinholder i kommunen, kjenner også mye på det. På skammen.
(Sandve, 2016)
Diskuter i plenum:
Kva for typiske arbeidarklassemarkørar har familien til Trygve?
Kva kjenneteiknar Steinar, representanten for middelklassen?
Kjenner de att det Dale seier? Er det skamfullt å ha foreldre som jobbar i arbeidarklassen eller er trygda? Og er det stas å fortelje at du er legeson, advokatdotter eller ...?
Ville det vore skamfullt for dykk ikkje å fullføre noka utdanning og i staden jobbe i eit yrke som ikkje krev utdanning og har låg lønn? Kvifor (ikkje)?
Vel éi av oppgåvene under:
Oppgåve 1
Skriv ein tekst på 500–700 ord om kva som er temaet i novella "Arbeidsnever" og korleis dette temaet kjem til syne. I teksten din skal du bruke desse fagomgrepa:
flat spenningskurve
replikkar på dialekt
realisme
røyndomsnær
symbolikk
gjentaking
notid og fortid
tilbakeblikk
arbeidsnevar
arbeidarklassemarkørar
Kvifor skal du gjere dette?
I denne oppgåva skal du særleg øve deg på å bruke norskfaglege omgrep om ein skjønnlitterær tekst. Jobb med å kople verkemiddel saman med temaet i novella.
Relatert innhald
Ei rettleiing til korleis du kan skrive betre om funksjonen til verkemiddelet i analysar.
Oppgåve 2
Skriv ei novelle om ditt eige liv. Målet er at novella skal vere røyndomsnær. Bruk gjerne desse verkemidla for å skape realisme:
Ei notidshandling skriven i presens, men med tilbakeblikk skrivne i preteritum eller andre fortidsformer. Vel tilbakeblikk som er avgjerande for å forklare kven du er i dag.
Ei blanding av tankereferat og replikkar. Skriv gjerne replikkane på dialekt og/eller bruk av sosiolekt.
Ei spenningskurve som du synest er truverdig. Det vil seie: Viss du vil fortelje om noko dramatisk, bør du auke spenninga, men viss du vil fortelje om eit litt hendingslaust liv, slik Dale gjer, bør spenningskurva vere flat.
Kjelder
Sandve G.E.S. (31.08.2016) i "Livet mitt er ikke skittent" frå Dagsavisen.
Relatert innhald
Kvifor er det lurt å ha med dialogar når du skriv skjønnlitterært, og korleis skal du setje opp dialogane?
Korleis lagar du livfulle karakterar i tekstane dine? Sjå døme, og jobb med oppgåver.