Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorisk analyse av ein nettstad

Vel ein nettstad som du vil analysere. Skriveverktøyet i oppgåva kan hjelpe deg i dette arbeidet. Skriv eit utkast før de jobbar saman i grupper og gir kvarandre tilbakemeldingar og råd i skriveprosessen.
Små personar står ved ein dataskjerm, peikar, tittar og undersøkjer ein nettstad med video og bilete. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Innhald i analysen

Skriv gjerne inn i malen under. På slutten får du moglegheit til å opprette eit dokument du kan jobbe vidare i. Ver merksam på at arbeidet ditt ikkje blir lagra viss du lukkar nettsida.

Del 2: Lag eit førsteutkast

Bruk dokumentet frå skriveverktøyet eller eigne notat, og bygg opp ein samanhengande tekst med god struktur. Lag avsnitt ved å bruke korte og presise temasetningar som gjer det klart kva avsnittet skal handle om. Skriv kommentarsetningar med konkrete døme frå nettstaden, og samanfatt kva slags funksjon verkemiddelet/appellforma får i teksten.

Arbeid med presis ordbruk og å skape tekstbinding i og mellom avsnitta. Tenk gjennom korleis du kan skape gode overgangar mellom avsnitta, og bruk tekstbindarar til å skape flyt og samanheng i teksten.

Ei bok ligg open. Opp frå denne stikk ei hand som tek ein figur i handa. I tillegg er det ei rekkje snakkebobler med setningskoplarar som "Eit anna døme er" og "I tillegg". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Rettlei kvarandre

Samarbeid i grupper på to eller tre, og les førsteutkastet til kvarandre. Gi konkrete tilbakemeldingar på kva som er bra i tekstane. Hjelp medeleven din vidare med analysen, og tips til korleis hen kan forbetre analysen sin.

Elevar som samarbeider to og to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Revider teksten din

Jobb vidare med responsen du fekk på din eigen tekst, og gjer han ferdig.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge, Inger Gilje Sporaland og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Å skrive retorisk analyse