"Helvete er de andre" – Sartre, Srour og Seljestad
Jean-Paul Sartre var ein fransk filosof. I skodespelet For lukkede dører (1944) legg han desse orda, som har blitt svært berømte, i munnen til hovudpersonen:
Helvete er de andre.
Jobb åleine
Skriv fritt i fem minutt: Kva kan sitatet bety? Og er du einig med Sartre?
Jobb i grupper
Samanlikn svara dykkar.
Sartre forklart
Sjå den animerte kortfilmen om Jean-Paul Sartre og eksistensialismen. Han kan hjelpe deg til å forstå kva Sartre meinte med sitatet.
Sitatet "Helvete er de andre" blir brukt av Sofia Srour i sakprosaboka Skamløs (2017). No skal de lese teksten "Skamfølelse vs. alder", som de finn under, og de får eit spesifikt leseoppdrag:
Kva meiner Sofia Srour når ho skriv "Helvete er de andre"? Grunngi svaret ditt ved å vise til andre sitat frå utdraget.
Samanlikn svaret ditt med medelevane dine i klassen.
Kvifor trur de den eksistensialistiske filosofen Jean-Paul Sartres sitat blei viktig for Sofia då ho valde å kaste hijaben?
Relatert innhald
Jobb i par
Sjå intervjuet med Lars Ove Seljestad som ein introduksjon til kva romanen Blind handlar om.
Les utdraget frå romanen, som de finn under. Utdraget er ein monolog frå hovudpersonen sin far til sonen. Les utdraget høgt for kvarandre. Målet er å lese med innleving, for monologen kan også kallast ein slags formanande toretale.
Monologen passar utmerkt til engasjert høgtlesing. Kunne nokon tenkje seg å lese monologen til faren høgt for resten av klassen?
Diskuter i grupper
Kva meiner de er bodskapen til faren i monologen?
Diskuter i plenum korleis sitatet "Helvete er de andre" blir brukt i dette utdraget. Vis til sitat for å grunngi svaret.
Samanlikn bruken av Sartres sitat i Blind med bruken av sitatet i utdraget frå Skamløs.
Kven er de mest einig med: Faren i Blind som seier at Sartres sitat er noko tull, og at helvete slett ikkje er dei andre, eller Sofia Srour som kjempar mot å bli definert av andre og for ta sjølvstendige val?
Relatert innhald
Jobb åleine
Skriv ein tekst på ca. 300 ord der du:
samanliknar korleis Sofia Srour og Lars Ove Seljestad bruker Sartres sitat i utdraga
kjem med di eiga meining om Sartres sitat: Er "helvete de andre"?
Relatert innhald
Kva rolle speler skam- og æresomgrepet i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Skamløs? I denne oppgåva skal du både jobbe aleine, diskutere og skrive.
Fire oppgåver med vedlegg og tips til å skrive samanlikningsoppgåver om tekst i kontekst i vg3.