Her er ei oppskrift på korleis du gjer ein grundig analyse av ein film. Du kan bruke spørsmåla for å analysere TV-seriar òg.
Kva for verkemiddel blir brukte, og med kva effekt? Analysebrillene må på når ein skal utforske medietekstar.
Filmar og TV-seriar er komplekse medietekstar. I ein analyse er det derfor vanleg å konsentrere seg om nokre hovudspørsmål som du prøver å få svar på.
Kva val har filmprodusentane gjort når det gjeld sjanger, handlingsgang, karakterar, dramaturgi, verkemiddel og bodskap? Du ser også etter samanhengar mellom delar og heilskap.
Vi har organisert spørsmål under seks punkt. Du treng ikkje følgje spørsmåla slavisk. Gjer eit utval som er tilpassa filmen eller TV-serien du har valt å analysere, og problemstillinga du skal svare på.
Moglege studiepunkt i ein filmanalyse
Presentasjon
Plott og miljø
Karakterar
Dramaturgi og forteljeteknikk
Filmatiske verkemiddel
Bodskap
1. Presentasjon
Byrje med å oppgi tittel, regissør, distributør, produksjonsland og produksjonsår.
Beskriv sjanger og typiske sjangertrekk.
Har Alfred Hitchcock regien, hugs å få det med i analysen!
2. Plott og miljø
Kvar går handlinga føre seg?
Kva tidsperiode er handlinga lagd til?
Kva kjenneteiknar miljøet handlinga går føre seg i?
Beskriv kort plottet, eller handlingsgangen.
Blir handlinga presentert kronologisk eller i form av tilbakeblikk?
Går det føre seg fleire samtidige handlingar?
Tre ulike historier om eit kriminelt miljø blir vovne inn i kvarandre i filmen Pulp Fiction.
3. Karakterar
Beskriv dei viktigaste karakterane. Byrje med hovudpersonane.
Korleis er forholdet mellom desse personane?
Verkar nokon av desse personane som hjelparar eller motstandarar?
Utviklar nokon av personane seg i løpet av forteljinga? Kva er det som får desse personane til å endre seg?
Blir nokon av personane framstilte som statiske? Kva slags karaktertrekk har i tilfelle desse personane? Kva rolle speler dei statiske karakterane i forteljinga?
Kven i filmen identifiserer vi oss med? Korleis får filmskaparen oss til å identifisere oss med nettopp denne personen, eventuelt desse personane?
I filmen De urørlige finn du døme på dynamiske karakterar. Bilete: Norgesfilm AS, Scanbox Entertainment / Avgrensa bruksrett
4. Dramaturgi og forteljeteknikk
Beskriv den/dei viktigaste konflikten/ane i forteljinga. Kven er involverte, og kva består konflikten/ane i?
Lag ei skisse der du beskriv spenningsutviklinga, eller dramaturgien.
Kva slags stemning møter vi i introduksjonen?
Kva for sjangertrekk kjenner vi igjen etter å ha sett introduksjonen?
Kva for konflikt(ar) blir introdusert(e) i introduksjonen?
Korleis blir vi kjende med karakterane?
Kva slags hending set fart i handlinga?
Korleis utviklar konflikten/ane seg?
I kva for scene når spenninga sitt høgdepunkt?
Blir konflikten/ane løyst(e) i løpet av framvisinga, eller held han/dei fram?
Blir alle trådane nøsta opp, eller sit du igjen med nokon uavklarte spørsmål?
Gir avslutninga uttrykk for ein bestemt moralsk bodskap?
Harry Potter-filmane har typisk Hollywood-dramaturgi med heftig klimaks følgt av ei roleg avrunding.
5. Filmatiske verkemiddel
Kva kjenneteiknar måten bileta er komponerte på? Kva effekt gir det?
Kva kjenneteiknar kameraføringa (køyring, zooming, bevegeleg/handhalde kamera)? Kva effekt gir det?
Beskriv typiske trekk ved måten bilete og lyd er klipte saman på. Kva effekt gir det?
Beskriv klipperytmen og korleis denne eventuelt endrar seg i bestemde sekvensar. Kva effekt gir det?
Er det brukt spesielle symbol i filmen? Kva betydning har i tilfelle desse symbola?
Kva slags verkemiddel er brukte for å understreke tidsperiode og miljø i filmen (kostyme, rekvisittar, lyssetjing, kalde og varme fargar osb.)?
Beskriv korleis forteljinga blir formidla gjennom bruk av dialogar, monologar og voice over, eller forteljarstemme.
Beskriv bruken av diegetisk lyd (dvs. lyd som er til stades i scena), lydeffektar og musikk, og korleis dette skaper stemning og dramatikk.
Mørke bilete understrekar det tøffe livet i gruva i kortfilmen Proletar. Bilete: Norgesfilm AS, Den norske filmskolen / Avgrensa bruksrett
6. Bodskap
Kva vil medieteksten fortelje oss? Ønskjer avsendaren å formidle ein bestemd bodskap?
Kva signal gir i tilfelle tittelen om denne bodskapen?
Korleis er dei filmatiske verkemidla med på å understreke denne bodskapen?
Fortel medieteksten noko om konfliktar og ideologiar i tida og i samfunnet han vart til i?
Kva slags innspel gir forteljinga til dagens samfunnsdebatt?
Kva tankar sit du igjen med etter å ha sett filmen/serien?
Kortfilmen Bawke minner oss om at livet som flyktning er tøft, og at beskyttelse ikkje nødvendigvis ventar like rundt hjørnet. Bilete: Spillefilmkompaniet 4 1/2, Norgesfilm AS / Avgrensa bruksrett
Presentasjon av analysen
Den ferdige analysen kan bli presentert på mange måtar. Du kan skrive ein samanhengande tekst, spele inn analysen i lydformat, eller setje saman tekst, bilete og/eller klipp i ein digital presentasjon eller video.