Oppgåve
Analyser ein samansett reklametekst
Analyser ein valfri reklame ved å bruke skjemaet under.
- Skriv stikkorda inn i skjemaet etter kvart som du tek for deg punkta.
- Til slutt eksporterer du det du har skrive. Samanlikn og diskuter svara dine med ein medelev. Har de lagt merke til det same?
Skriv ferdig analysen eller presenter analysen munnleg for klassen.
Drøft følgjande spørsmål med ein medelev eller i klassen:
- Kva slags reklamar likar de? Gi grunn for kvifor de likar desse.
- Kva slags reklamar likar de ikkje? Gi grunn for svaret.
- Kor gode er markedsførarar til å treffe ungdom? Kva kan dei gjere betre?