Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nærles "Ballstemning" av Alexander Kielland

Alexander Kielland ønskte å setje problem under debatt med litteraturen sin. For å få til det måtte han vise lesarane sine kva som var gale i samfunnet. Novella "Ballstemning" gjer nettopp det. Her skal du gå nært inn på teksten og utforske korleis Alexander Kielland prøver å påverke lesarane.
Ein mann og ei kvinne med paraply går i Paris' gater. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Eit førsteinntrykk av novella

  1. Les novella "Ballstemning" av Alexander Kielland på nb.no

  2. Utan å snakke med andre – fullfør setninga: "Eg meiner at novella 'Ballstemning' handlar om...". Det er ikkje lov å bruke fleire enn tre ord.

  3. Skriv orda til alle i klassen opp på tavla.

  4. Diskuter orda som står på tavla. Kvifor akkurat desse? Grunngi svara dykkar.

Del 2: Ei jente i utvikling

Det første momentet vi skal djupdykke i, er karakterutviklinga til hovudpersonen.

Jobb i grupper:

  1. Les første del (under). Her skriv Alexander Kielland ei direkte personskildring av hovudpersonen. Korleis vil de fortelje att personlegdommen til jenta med eigne ord?

  2. Les andre del. Også her skildrar Kielland jenta direkte. Korleis har ho forandra seg etter å ha blitt "oppdaga" av greven?

  3. Les deretter tredje del. Dette er ei indirekte personskildring av jenta. Ho blir skildra gjennom tankane og replikkane sine. Korleis vil de beskrive henne no?
  4. Beskriv med eigne ord kva som er årsaka til den endringa som finn stad i personlegdommen til jenta mellom del 2 og del 3 i novella.

Del 3: Språklege bilete i novella

Eit viktig verkemiddel i novella er ulike bilete som skal styrkje tematikken. Her er det bilete som

  • samanlikning

  • allusjon

  • symbol

  • metafor

Steg 1. Prøv utan hjelp

  1. Les gjennom novella ein gong til. Prøv å finne nokre av dei språklege bileta i novella.

  2. Samanlikn med ein annan elev i klassen.

Steg 2. Litt hjelp på vegen

Sit i par. Under finn de nokre stikkord frå novella som kan hjelpe dykk til å finne dei språklege bileta. Om de trykkjer på orda, kjem det fram eit sitat frå novella.

  1. Diskuter korleis temaet blir forsterka av det språklege biletet.

  2. Set rett namn på verkemiddelet som blir brukt (symbol, metafor, samanlikning eller allusjon?).

Del 4: Synsvinkelen i novella

Kva slags forteljar og kva synsvinkel bruker Alexander Kielland i novella?

Jobb først aleine:

  1. Sjå gjennom skildringa av ulike måtar å fortelje historia på under.

  2. Bestem deg for kva synsvinkel du meiner er brukt i novella "Ballstemning". Skriv ned med ei grunngiving.

Samanlikn i grupper:

  1. Fortel kvarandre kva de har skrive om synsvinkelen i novella. Diskuter kva som kan vere rett om de er ueinige.

  2. Kva funksjon meiner de val av synsvinkel har i novella?

Del 5: Skriv to avsnitt om novella

Skriv to avsnitt om novella. Det første avsnittet skal handle om temaet i teksten, medan det andre skal vise korleis temaet kjem til syne gjennom eitt av verkemidla. Du kan velje mellom desse tre alternativa:

Eit avsnitt om personskildringa

Avsnittet skal vise korleis jenta utviklar seg i løpet av novella. Det skal innehalde fagomgrepa direkte og indirekte personskildring.

Eit avsnitt om marmortrinna

Avsnittet skal vise korleis marmortrinna blir brukte for å styrkje temaet. Det skal innehalde fagomgrepa symbol og gjentaking.

Eit avsnitt om Moses og bølgja av blod

Dette avsnittet skal vise korleis tilvisinga til bibelhistoria om Moses blir brukt i novella. Det skal innehalde fagomgrepa allusjon og kontrast.

Tips!

Sjå gjerne presentasjonen under om korleis du skriv godt om verkemiddel og tema i ein analyse.

Del 6: Tekst i kontekst

  1. Det blir sagt at Alexander Kielland var inspirert av Pariserkommunen då han skreiv novella "Ballstemning". Finn ut kva som skjedde under Pariserkommunen og sjå om du kan finne moglege referansar til denne i novella.

  2. Diskuter i klassen: Korleis bruker Alexander Kielland språket for å vekkje lesarane og fortelje dei kva som er gale i samfunnet?

Relatert innhald

Som forfattar var Alexander Kielland oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Å skrive novelleanalyse