Del 1: Kva er torvmyr?
Diskuter i klassen:
Kva er eigentleg torvmyr?
Studer måleriet Torvmyr av Kitty Kielland over. Kan de sjå spor av menneskeleg aktivitet i dette biletet?
Veit nokon kva menneske på 1800-talet brukte torvmyr til?
Bruker vi torvmyr i dag?
Del 2: Torvmyr før og no
Var de usikre på korleis vi brukte, og bruker, torvmyr? Sjå videoen under om korleis menneske brukte torvmyr i gamle dagar.
Les deretter om moderne bruk av myr og torv på Sabima.no
Del 3: Les novella "Torvmyr" av Alexander Kielland
Les novella Torvmyr av Alexander Kielland
Relatert innhald
Etter at de har lese:
Kvar og ein av dykk skriv med eigne ord kva de meiner er temaet i novella. Skriv ei setning.
Skriv ned eit sitat frå novella som du meiner er ei god grunngiving for det du meiner er temaet.
Sit i grupper. Les opp setningane og sitata de har valt for kvarandre.
Diskuter: Kva er det Alexander Kielland ønskjer å fortelje oss med denne novella?
Del 4: Tolk teksten i mindre grupper
Sit i fem grupper. Kvar gruppe får eit utdrag frå teksten som dei skal presentere for klassen. Med kvart utdrag følgjer det eit oppdrag.
Filer
Del 5: Er novella aktuell i dag?
Skriv fritt i ti minutt ein og ein. Reflekter over om novella er aktuell i dag.
Diskuter i plenum: Er novella aktuell i dag? Grunngi svara dykkar.
Diskuter: Vil de kalle Alexander Kielland for ein miljøvernar etter å ha lese denne novella? Grunngi svara dykkar.