Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorikk og skjønnheitsideal

Seks ulike Barbie-dokker. Fire dokker har lyst, langt hår og er lyse i huda, to har mørkt, langt hår og er mørkare i huda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve: Vår tids skjønnheitsideal

Del 1: Forventningar og reaksjonar

Elise Wanvik var elev på Kongshaug musikkgymnas då talen hennar "Min fitte er flott" var med i Ta ordet!-finalen i 2019. Hovudtema for talen er intimkirurgi og vår tids skjønnheitsideal.

  1. Før du les talen, kva forventningar har du til

    1. ulike underemne talen er innom

    2. bodskapen i talen

    3. målgruppa til talen

    4. argumenta til talen

  2. Les teksten "Min fitte er flott" av Elise Wanvik. Etterpå gjer du nokre notat om førsteinntrykket ditt med utgangspunkt i spørsmåla under. Diskuter deretter med andre:

    1. Var du einig eller ueinig med Wanvik før du las talen hennar?

    2. Kva synest du/de var mest verknadsfullt i talen?

    3. Kva argument synest du/de var best?

    4. Korleis blei du påverka av talen? Kva hadde størst påverknadskraft?

    5. Formuler hovudsynet med eigne ord.

Del 2: Den retoriske situasjonen

Gjer greie for den retoriske situasjonen Elise Wanviks tekst blei til i:

  1. Kva er det påtrengjande problemet Wanvik prøver å løyse?

  2. Kven er det retoriske publikummet Wanvik vender seg til? Kven har makt til å løyse problemet?

  3. Kva er dei tvingande omstenda som påverkar kva avsendar kan seie og gjere – eventuelt ikkje seie eller gjere?

Del 3: Talens topoi

Retorikkens toposlære handlar mellom anna om å skape ein "møteplass" – ein felles ståstad for avsendar og mottakar. Les om topos i artikkelen "Kva er topos?" Viss avsendar og mottakar kan vere einige om noko, er det lettare å byggje vidare på argumentasjonen. Korleis skaper Wanvik eitt eller fleire slike "møteplassar" for seg og mottakarane sine?

Del 4: Strukturen til talen

Det retoriske omgrepet dispositio blir brukt om rekkjefølgja av innhaldsmomenta i ein tekst. Ein formålstenleg struktur kan vere avgjerande for om teksten lykkast med å overtyde publikum.

Kopier teksten over i eit tekstbehandlingsprogram, til dømes Word. Skumles teksten ein gong til og prøv å identifisere dei ulike delane. Marker delane med ulike fargar eller overskrifter. Bruk tipsa i den ekspanderande tekstramma nedanfor i arbeidet.

Tips når du identifiserer talens dispositio

Det er vanleg å følgje ein struktur som først gjer at publikum forstår kva tema som blir diskutert, og kva talaren vil formidle, deretter kva argument som støttar ståstaden til talaren, og vidare kvifor publikum i det heile bør bry seg om saka.

Ein disposisjon som ofte blir brukt, består av

  1. ei innleiing som fangar merksemda til publikum og eventuelt byggjer avsendar sin etos

  2. ei saksframstilling som presenterer faktaa i saka og gjer publikum i stand til å forstå kva det dreier seg om

  3. ein argumentasjonsdel som argumenterer for synet til avsendaren

  4. ei avslutning som konkluderer og gjerne oppmodar til handling

Del 5: Den retoriske argumentasjonen til talen

  1. Finn konkrete døme på sentral logosargumentasjon. Prøv å setje ord på korleis argumenta eller resonnementa appellerer til fornufta.

  2. Finn konkrete døme på sentral etosargumentasjon i talen. Prøv å setje ord på korleis argumenta styrkjer Wanviks truverd. Tips: Viser ho kvalitetar som fornuft og kunnskap, gode haldningar og verdiar, ærlegdom, velvilje eller autentisitet?

  3. Finn konkrete døme på sentral patosargumentasjon i talen. Prøv å setje ord på kjenslene dei vekkjer, og ikkje minst korleis desse kjenslene hjelper Wanvik å overtyde.

Del 6: Samanlikn retorikken

Det er mange måtar å nå fram med bodskapen sin på. No skal du samanlikne Elise Wanviks retorikk med retorikken til Christine Sundgot-Borgen.

  1. Finn likskapar eller forskjellar når det gjeld

    • kva topoi dei hentar argumenta sine frå

    • korleis dei strukturerer teksten sin

    • språket dei bruker

    • kva målgruppe dei prøver å nå ut til

    • kor kjensle- eller faktaorienterte dei er

    • kor personlege dei er

    • kva appellformer som dominerer teksten

  2. Kva for ein av tekstane lykkast best med retorikken sin? Prøv å grunngi svaret med det du svarte i oppgåve a.

Kjelder

Grue, J. (2011). Dispositio. I Store norske leksikon. Sist oppdatert: 24.05.18. Henta frå: https://snl.no/dispositio (juni, 2022).

Kjeldsen, Jens E. (u. å.) Min fitte er flott av Elise Wanvik, Kongshaug Musikkgymnas. Henta juni, 2022 frå: https://www.taordet.no/min-fitte-er-flott-elise-wanvik

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse