Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tre tekstar om fattigdom

I denne oppgåva skal du utforske tre tekstar i ulike sjangrar om fattige barn. Den eine er eit utdrag frå sakprosaboka Vi, dei fattige (2021) av Maria Lavik, den andre er kortfilmen Vi kan ikke hjelpe alle (2016), og den siste er novella "Fornedrelsens kalk" (1950) av Torborg Nedreaas.

Del 1: Ein kortfilm om å vere fattig

Kortfilmen "Vi kan ikke hjelpe alle" av Nina Knag er ei filmatisering av novella med same namn skriven av Ingvill Rishøi.

Sjå filmen, diskuter deretter i grupper:

  1. Frå kva perspektiv ser vi historia? Eller med andre auge: Kven meiner de er hovudpersonen i filmen? Grunngi svaret.

  2. Korleis synest de filmen framstiller det å vere fattig? Grunngi svaret.

  3. Kva verkemiddel blir brukte for å skape sympati med Alexa?

  4. Korleis tolkar de slutten av filmen?

  5. Kva meiner de er temaet/bodskapen i filmen?

Jobb i par:

  1. Sjå filmen ein gong til. Vel dykk ut ein "nøkkelscene" i filmen. Ein nøkkelscene er ein scene som viser temaet/bodskapen på ein tydeleg måte.

  2. Gå saman i grupper på åtte. Fortel kvarandre kva for ein scene de har valt ut, og kvifor de valde nettopp denne.

Del 2: Vi, dei fattige – om fattigdom i sakprosaform

Relatert innhald

Sakprosaboka Vi, dei fattige av Maria Lavik frå 2021 handlar òg om fattigdom. Boka vekslar mellom personlege møte med åtte fattige barn og dei personlege refleksjonane til forfattaren om temaet. I boka finn vi også forsking og statistikk om fattigdom i Noreg.

A. Det første avsnittet i boka

  • Les det første avsnittet i boka (under).

  • Korleis meiner de målet til forfattaren med boka kjem fram i dette korte utdraget?

  • Vurder korleis logos og patos blir brukte i utdraget.

  • Kvifor trur de Lavik både speler på kjensler og bruker statistikk for å nå fram til lesarane sine?

Barndom og fattigdom. Det er to ord som ikkje høyrer saman, som aldri burde blandast. Men slik er det. I dag veks over 115 000 barn opp i fattigdom i Noreg. Det er meir enn eitt av ti barn. Eller to til tre barn i ein vanleg skuleklasse. For å gjera det verre: Me er på feil kurs. Sidan 2001 har prosentdelen fattige barn blitt over tredobla. (Lavik, 2021, s. 9)

B. To møter med fattige barn

Jobb saman i par. Les først historia om Anna og Eva. Diskuter deretter:

  1. Kva kjensler rører seg i dykk når de les historia om Anna og Eva? Kvifor?

  2. Vi, dei fattige er ei sakprosabok. Likevel har dette utdraget mange trekk ved seg som liknar skjønnlitteraturen. Kva for nokre? Trekk ut sitat og forklar kvifor nettopp desse liknar skjønnlitteraturen. Sjå på både personskildringar, ordval og setningsoppbygging.

  3. Kva funksjon meiner de dei skjønnlitterære trekka i utdraget har?

Tips
  • Tradisjonelt seier vi at sakprosa er tekstar som skal vere pålitelege. Det vil seie at det som står i teksten kan faktasjekkast, og at det skal vere reieleg. Til dømes vil ikkje den tradisjonelle sakprosaen gå inn og tolke ein person sine kjensler eller tankar. Kan de finne døme på det motsette her?

  • Sjå på setningsoppbygginga når Lavik beskriv Annas tankar mot slutten av utdraget. Korleis bruker ho setningsoppbygging og ordval til å etterlikne Annas barnlege språk?

C. Fredrik og Georg

Les neste utdrag frå boka: Historia om Georg og faren Fredrik. Diskuter i par:

  1. Kva inntrykk får de av Georg, og av Fredrik?

  2. Verkar Fredrik som ein god far? Grunngi svaret ved å vise til tekstsitat.

  3. Samanlikn dette utdraget med forteljinga om Anna og Eva. Kven får de mest sympati med? Kvifor er det i så fall slik?

  4. Samanlikn forteljarstilen i dei to utdraga. Sjå på

  • kor synleg forfattaren sjølv er i høvesvis det første og det andre utdraget

  • kva for eit av utdraga som har flest skjønnlitterære trekk

  • kva funksjon språket i dei to utdraga har når det gjeld å skape sympati

Del 3: "Fornedrelsens kalk" av Torborg Nedreaas

No skal de lese ei novelle frå 1950-talet som òg handlar om fattige barn. Men i novella er ikkje dei fattige barna hovudkarakterar, det er det den vesle jenta Herdis som er. Ho bur i Bergen på starten av 1900-talet i eit middelklassestrøk. I novella "Fornedrelsens kalk" møter ho på barna frå fattigstrøket "Smittet".

Jobb åleine

  1. Les novella. Du finn ho på side 47 i denne utgåva av Trylleglasset på Nasjonalbiblioteket.

  2. Kva vil du seie er det viktigaste temaet i novella?

  3. Korleis synest du dei fattige blir framstilt i denne novella? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

  4. Får du sympati med nokon av karakterane i teksten? Grunngi svaret ditt ved å vise til tekstsitat.

Diskuter i grupper

  1. Les utdraga frå teksten (under). Korleis trur de slike skildringar av fattige barn hadde blitt mottekne i dag?

  2. Kva kan vere årsaka til at dei fattige barna blir skildra som dei gjer?

En stor, stygg fremmed gutt og en enda større, stygg småpike stod og snakket lavt og ivrig sammen, piken pekte på Herdis. De var fattigunger oppe fra Smittet, hun hadde sett dem i de øvre gatene hvor de stygge barna holdt til. [...] Ve du? Spurte piken, og kjente at det luktet vannelukt og gammel trappeoppgang av henne. (Nedreaas, 1974/1950, s. 49)

Tips

Kanskje er det ikkje berre tidene som har forandra seg. Sjå òg på kven som er hovudpersonen i novella, og kven forfattaren ønskjer å skape sympati for.

Del 4: Samanlikn tekstane

Skriv ein tekst på ca. 500 ord der du samanliknar tekstane du nettopp har utforska. Bygg opp teksten slik:

  1. Skriv ei kort innleiing der du presenterer tekstane. Avslutt med eit spørsmål som viser kva teksten din skal handle om.

  2. Skriv eitt/to avsnitt der du samanliknar framstillinga av fattigdom/fattige barn i dei tre tekstane.

  3. Skriv eitt avsnitt der du reflekterer over kvifor fattige blir skildra som dei gjer i dei tre tekstane.

  4. Skriv ei kort avslutning.

Sjå gjennom presentasjonane under for tips til korleis du kan byggje opp teksten din.

Kjelder

Nedreaas, T. (1974/1950). "Fornedrelsens kalk" frå Trylleglasset. Oslo: Aschehoug.

Lavik, M. (2021). Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom. Samlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse