Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Topos i tale om tiss

Topos er eit omgrep vi bruker om generelle argument og oppfatningar vi tek i bruk når vi vil overtyde andre. Øv på å analysere teksten sine topoi i denne oppgåva.
Seks ulike Barbie-dokker. To har mørkt hår og er mørke i huda. Fire har lyst hår og er lyse i huda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Forventningar til teksten

Elise Wanvik var elev på Kongshaug musikkgymnas då talen hennar, "Min fitte er flott" var med i Ta ordet!-finalen i 2019. Talen handlar om dagens skjønnheitsideal, og Wanvik ønskjer at jenter skal vere nøgd med den kroppen dei har og ikkje gjere intimkirurgiske inngrep.

  1. Før du les teksten – kva tema trur du ho tek opp i talen?

  2. Kva argument trur du ho bruker?

Del 2: Bli kjend med talen

Les talen: Elise Wanvik: "Min fitte er flott"

  1. Les gjennom talen i sin heilskap. Kopier deretter teksten over i Word eller eit anna arbeidsdokument. Les gjennom ein gong til. No skal du streke under tema og argument du gjetta på førehand med éin farge og andre tema og argument med ein annan farge.

  2. Formuler hovudsynspunktet og det viktigaste argumentet eller resonnementet i talen.

Del 3: Tekstens topoi

Topos er eit omgrep vi bruker om generelle argument og oppfatningar vi tek i bruk når vi vil overtyde andre. Omgrepet blir også brukt om argument, oppfatningar og emne det er vanleg å ta omsyn til når vi snakkar om heilt bestemde tema – som til dømes kropp og utsjånad. Les meir om topos i artikkelen "Kva er topos?"

Hovudtemaet i Wanviks tale er kroppsmodifikasjon, nærare bestemt intimkirurgi. Nedanfor er ei liste over nokre sentrale topoi i Wanviks tale – det vil seie "stader" ho hentar argumenta sine frå. Dette er topoi det er nærliggjande å ta omsyn til ved samtale om temaet, som

  • det naturlege og det unaturlege

  • det normale og det unormale

  • seksualitet, kropp og kjønn

  • lykke og helse

  • moral, etikk og verdiar

  • innverkande omstende

Del 4: Oppgåve

Du skal no finne heilt konkrete argument i Wanviks tale som er henta frå ulike topoi du finn i punktlista over. Bruk Word-fila under. Kopier sitata du finn i talen og lim dei inn i høgrekolonnen, slik døma i dei to øvste radene viser.

Filer

Del 5: Publikum sine oppfatningar

Når vi vil overtyde, går vi til kjende topoi fordi vi veit at mottakarane forventar det, og fordi vi veit at dei deler oppfatningane våre knytte til dei. Det gjer det lettare å overtyde publikum – utan nødvendigvis å "finne opp krutet" på nytt kvar gong.

I del 4 over skulle du finne konkrete døme i teksten som var henta frå ulike topoi. No skal du reflektere deg fram til dei faktiske idéane eller oppfatningane du meiner at vi – altså folk flest i Noreg – har om dei ulike temaa.

Ta for deg ein og ein topos i lista under og svar på følgjande to spørsmål til kvar av dei:

  1. Kva haldningar eller oppfatningar har folk flest rundt toposen?

  2. Korleis utnyttar Wanvik vissa om følgjande haldningar eller oppfatningar i argumentasjonen sin?

    • kva som påverkar synet vårt på kropp, kjønn og seksualitet

    • det naturlege og det unaturlege

    • det normale og det unormale

    • lykke og helse

    • kva som er god og dårleg moral og etikk

    • kva som er gode og dårlege verdiar

    • kunnskap og informasjon

Del 5: Kritisk lesing

Toposomgrepet kan hjelpe oss å lese tekstar kritisk. Når vi har identifisert teksten sin topoi, kan vil nemleg stille kritiske spørsmål til dei. Drøft eller diskuter følgjande:

  1. Byggjer nokon av Wanviks topoi på forenklingar av verkelegheita, unyanserte oppfatningar eller stereotypiar?

  2. Byggjer nokon av Wanviks topoi på falske dikotomiar? Falsk dikotomi vil seie å presentere noko som om det berre finst to alternativ, når det i realiteten finst fleire.

  3. Byggjer nokon av Wanviks topoi på oppfatningar og førestillingar vi tek for gitt at er sanne, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er det?

Kjelde

Kjeldsen, J. E. (u.å.) Min fitte er flott – Elise Wanvik, Kongshaug Musikkgymnas. Henta juni, 2022 frå: https://www.taordet.no/min-fitte-er-flott-elise-wanvik

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse