NORGE MITT NORGE
NORGE MITT NORGE
me hadde
så mange pengar
så altfor mange pengardet var nesten ikkje
til å halde ut – dei
klødde i lomma
og i pungendei taut ut av madrassen
steig over kanten av
boblebadetme putta dei
i nokre aksjar her
og nokre aksjar der
ein eigedom her
og ein derså kjøpte me
ein indisk atomubåt
eller var det tre, men
det heldt ikkje å kjøpe
– me måtte også seljefor me hadde
så altfor mykje land
det klødde i lomma
og i pungen og
overaltme hadde
så altfor mange
kvadratkilometer
med sjø og skog og
fjord og fjellkva skal ein vel med det?
kven treng vel så mykje natur?
kven treng vel så mange tre
så mange trekroner og greiner
og kvistar og bladkven treng vel
så mange maurtuer
og så mange maur
så mange rognebærtre
og rognebærkven treng vel tjern utan botn
kven treng vel rotvelter og
bjørnehi og revebolkven treng vel du hei og
bleike myr og alt det derkven treng vel
slike fjell og dalar
kven treng vel mot
i brystet og vet
i pannanei, kva skal vi vel
med det, i desse tider
så lat oss selje skogen
lat oss selje statsskog og
mesta og flytoget, sas og
telenor, fanden og hans
oldemor og gebisset
hennarsjukeheimar
og barnehagar og
skular og alt dette
lat oss få det ut på
anbod og ut av synedet er lettast slik
det er minst styr slik
det er mest behageleg
slikog førdefjorden, den blåe
grøne, glitrande, glimande
førdefjorden, god dag – han
gir me til eit par fyrar med
postboks på aker bryggeså let me dei
slenge nedi eit knust fjell
så fisken fell daud til botnen
så fisken ligg der og rotnar
for så å aldri å kome igjenfor kven treng vel fisk
kven treng vel sprell levande
ekte og uoppdretta fisknei, vekk med han
og vekk med alt, for
det er nye tider no
heilt nye tider no
Du kan høyre forfattaren lese diktet i podkasten Salongen på NRK P2 (frå 41:54).
Relatert innhald
Både "Myrstrå vipper" av Rolf Jacobsen og "NORGE MITT NORGE" av Ruth Lillegraven handlar om mennesket og naturen.