Hopp til innhald

Fagstoff

Priskalkyle

Å setje korrekt pris på ei vare eller teneste er ei utfordring. Fleire nyetablerte handverkarar set prisen på produkta sine for lågt. Andre klarer å prise seg ut av marknaden med ein for høg pris. Her skal du lære korleis du kan setje opp ein priskalkyle.
Ei kvinne tek imot betaling frå ein mann som betaler med bankkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølvkostkalkyle

I ein sjølvkostkalkyle reknar vi ut kva vara må koste for at vi skal få dekt alle kostnadane våre og få ei viss forteneste.

Ein sjølvkostkalkyle set vi opp slik:

Varekostnad+Indirekte kostnadar=Sjølvkost+Forteneste=Salspris eks. mva.

I varekostnaden ligg alle kostnadar i samband med produksjon av vara fram til ho ligg på lager, som dei samla materialkostnadane inkludert frakt, toll, etc. For ein handverkar vil det også vere naturleg å legge inn timekostnaden til sjølve framstillinga av produktet.

Dei indirekte kostnadane er løpande kostnadar som ikkje har noko direkte tilknyting til framstilling av vara. Døme på dette er husleige, straum, løn til tilsette i butikk, telefonutgifter, marknadsføringskostnadar etc. Når vi summerer varekostnad og indirekte kostnadar, får vi sjølvkost. På dette legg vi ei viss forteneste.

Meirverdiavgift (mva) er ei avgift til staten på sal av produkt. Den generelle satsen ligg på 25 % og blir lagt til salsprisen til slutt. Eks. mva betyr at meirverdiavgifta ikkje er tatt med.

Påslagskalkyle

Foto av ei raud rose.

For å kunne bruke ein påslagskalkyle må bedrifter ha erfaringstal som dei kan berekne eit påslagstal ut ifrå. Påslagstalet gonga med innkjøpspris skal gi ein pris som dekker alle kostnader, forteneste og meirverdiavgift.

Ein blomsterbutikk kan til dømes kjøpe inn ei rose for 15 kroner. I blomsterbransjen blir det ofte brukt eit påslagstal mellom 2,5 og 6. I dømet i tabellen under har vi brukt 4 som påslagstal. Salsprisen blir då 4 x 15 kroner = 60 kroner.

priskalkyle for rose

Innkjøpspris

15 kr

x påslagstal

4

= salspris med meirverdiavgift

60 kr

Bidragsmetoden

Prisane i marknaden kan variere etter kor stor etterspurnad og tilbod på produktet er. Bidragsmetoden tek utgangspunkt i marknadsprisen. Trekk frå varekostnadane og finn ut kor stor avansen blir.

Ein bidragskalkyle set vi opp slik:

Salspris eks. mva.-Varekostnad=Avanse

Avansen skal både dekke alle indirekte kostnadar og forteneste. Når vi tek utgangspunkt i marknadspris, må vi vurdere om avansen, ved ein gitt marknadspris, gjer det lønsamt å selje dette produktet. På kort sikt må prisen minimum dekke varekostnadane, mens på lang sikt må alle kostnadane dekkast.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift