Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftsgründerar

Verda treng bedrifter som bidreg til at samfunnet blir meir berekraftig. Og då treng vi personar som startar nye bedrifter eller verksemder der berekraft står sentralt. Vi treng berekraftsgründerar.
Mange fargerike figurar og gjenstandar, som ein fotball, ein Rubiks kube, eit kryssord, ein sykkel og ein trompet, strøymer ut av hovudet på ein mann. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling

Ingen bedrifter eller verksemder kan skape ei berekraftig utvikling i verda heilt åleine. Men alle kan bidra positivt, og i det minste bidra til at vi kjem nærare eit eller fleire av FNs berekraftsmål. I tillegg bør vi unngå å påverke dei andre berekraftsmåla negativt. Vi må også hugse på at ei berekraftig utvikling ikkje berre dreier seg om miljø og klima, men også om sosiale og økonomiske forhold. Vi må kjenne til dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling som blir forklart i filmen under.

Kva er ein gründer?

Ein gründer er ein person som startar eit nytt selskap, og då gjerne med eit nytt produkt eller ei ny teneste. Gründerar kan ha nye innovative idéar som kan bidra til å skape ei berekraftig utvikling. Kanskje ser dei eit problem som dei ønsker å gjere noko med, og lagar ein forretningsidé som bidreg til å løyse dette problemet. Sophie Wiik er eit døme på ein slik gründer, som ønskte å gjere noko med nokre problem ho såg. Høyr meir om Sophies historie i denne podkasten.

Økologisk konsept med grøn by på jorda. Foto.

Grøne gründerar

I denne episoden skal vi besøke Jo Egil Tobiassen i Northern Playground. Dei reklamerer med at vi må kjøpe mindre. Kva gjer Jo Egil og Northern Playground for å bli mest mogleg berekraftige?

0:00
-0:00

Berekraftig forretningsmodell

Ein gründer som skal starte ei ny verksemd, må lage ein plan for korleis verksemda skal fungere – ein forretningsmodell. Korleis forretningsmodellen ser ut, legg nokre føringar for korleis verksemda skal vere. Derfor må forretningsmodellen vere berekraftig om verksemda skal vere berekraftig. Du kan lese om berekraftige forretningsmodellar i denne artikkelen.

Sirkulær økonomi

Dagens økonomiske system blir gjerne kalla for ein lineær økonomi eller ein bruk-og-kast-økonomi. Det vil seie at vi hentar ut råvarer frå naturen, lagar eit produkt, bruker produktet og kastar det. I motsetning til dette står det vi kallar ein sirkulær økonomi, der målet er at vi ikkje skal skape søppel, men behalde råvarene lengst mogleg i økonomien. I tillegg må vi påverke naturen i mindre grad. Du kan lese meir om dette i denne artikkelen om sirkulær økonomi.

Jobbane i framtida er grøne og berekraftige

Verda i dag er ikkje berekraftig. Derfor trengst det nye idéar til korleis vi skal gjere ting slik at vi ikkje påverkar naturen negativt, og slik at vi får gjort noko med dei sosiale og økonomiske utfordringane. I framtida vil vi sannsynlegvis ha mange nye jobbar knytte til berekraftig utvikling, og du vil ha stor nytte av å lære meir om dette temaet. I videoen under frå NRK skule og Loop miljøskule kan du lære meir om dei grøne jobbane i framtida.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal de utvikle idéar til nye produkt og tenester som passar inn i ei berekraftig framtid der sirkulær økonomi blir det rådande.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift