Hopp til innhald

Fagstoff

Bysantinsk stilhistorie

Romarriket blei delt i to på 300-talet: det vestromerske riket med Roma som hovudstad og det austromerske riket med Bysants som hovudstad. Den bysantinske stilperioden er kjent for fantastiske mosaikkarbeid.
Konstantinopel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Keisar Konstantin bygde opp ein heilt ny by og kalla han Konstantinopel. I dag kjenner vi byen best under namnet Istanbul. Den bysantinske perioden blir gjerne delt inn i tre periodar:

  • det romerske verdsriket: frå 395 til 641
  • det helleniserte riket: frå 641 til 1204
  • det delte riket: frå 1204 til 1453

Bysantinsk kunst og handverk

Bysantinsk kunst og handverk er først og fremst kjent for mosaikkarbeida, som ofte blei plasserte i store kyrkjebygg. Du kan sjå nokre av dei fremste mosaikkane i Hagia Sofia (Den heilage visdommens kyrkje) i Istanbul. Ho blei bygd av keisar Justinian i 537. Kyrkja blei etter 1453 brukt som moské.

Etter Justinian stod Bysants overfor stadige invasjonstrugslar, og det blei laga mange ikon for å tilfredsstille den overtruiske dyrkinga av helgenar for å oppnå personleg frelse. Som ein reaksjon på dette kom biletestormarane (ikonoklastkeisarane) til makta frå 726 til 843. Dei prøvde med tvang å innføre ein non-figurativ religiøs kunst, som var vanleg i mellomalderske muslimske og jødiske samfunn.

Mosaikk. Foto.

Etter biletestormen feira dei makedonske keisarane (frå 867 til 1065) ortodoksiens triumf ved å dekorere kyrkjene på nytt. Frå det seinare komneniske dynastiet (frå 1081 til 1185) er det teke vare på fleire døme på dette.

Sans for gull og metta fargar stimulerte ein mosaikkekspertise utan sidestykke i historia. Terningar av glas, farga eller blanda med gull eller bladsølv, marmor og til og med ekte edelsteinar blei pressa ein og ein inn i kalkpussen på kyrkjekvelvingane, og kvar av dei blei sett slik at dei kunne reflektere lyset.

Dei bysantinske kristne som kom til kyrkja for å be, var omgjevne av kjempestore mosaikkfigurar med ein eterisk gyllen glød. Eit døme på ein slik mosaikk, "Krossfestinga", finn vi i St. Lukas-klosteret i Stiris i Hellas.

Bysantinsk gullsmykke. Foto.

Brukskunst

Bysantinske kunsthandverkarar var berømte for arbeida sine i gull, sølv, rav, elfenbein og alle slags edelsteinar.

På 1000-talet hadde Konstantinopel rolla som eit naturleg knutepunkt for viktige handelsruter mellom aust og vest. Også nordmenn drog til Konstantinopel i samband med dei store krosstoga. I kongesagaene står det at Harald Sigurdsson hadde eit langvarig opphald i den keisarlege livgarden i 1030-åra. Hundre år seinare overvintra Sigurd Jorsalfar og følgjet hans i byen. Ei mengd gjenstandar har derfor truleg kome til Noreg, men bortsett frå nokre få myntar er ikkje bysantinsk brukskunst teken vare på her i dag. Norsk kunstindustri og ornamentikk viser likevel tydeleg bysantinsk påverknad.

Bysantinsk drakt

Vi har eit rimeleg godt bilete av korleis dei aller fremste i det bysantinske samfunnet gjekk kledde. Vi veit langt mindre om korleis vanlege kvinner og menn kledde seg.

Til å begynne med kopierte nok innbyggjarane i Konstantinopel dei romerske klesvanane. Opphavleg bar alle menn ein toga, men frå det sjette hundreåret blei dette plagget berre brukt av konsulane. Togaen blei erstatta av ei kappe som anten kunne vere eit rektangulært tøystykke som blei kasta over skuldra, ein halvrund cape som også blei festa på skuldra, eller ein rund cape som var sydd saman i forkant, med ei opning til hovudet.

Inst inne bar mennene ein tettsitjande, kvit tunika med lange erme som nådde dei anten heilt ned til ankelen, eller stoppa ved knea. Over dette undertøyet bar dei ein dalmatika, ein raud og gullfarga tunika med lange kvite erme. Dei hadde også eit par lange sokkar av ull eller eit anna vove materiale, eit bakstykke, bracoos, som med tida utvikla seg til underbukser eller bukser. I tillegg bar dei den greske chlamys, ei kappe som dei bar saman med ein tablion, eit rektangulært tøystykke som var festa ved midja. Dei kunne også bruke det romerske pallium, som likevel ikkje likna mykje på forløparen.

Bysantinsk klesdrakt. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den viktigaste oppgåva for kvinnene sine klede var å skjule kroppen generelt, og dei kvinnelege formene spesielt. Dei bestod derfor av ei rekkje lag med klede.

Inst bar dei ein tettsitjande serk som gjekk heilt ned til anklane. Tunikaen, som dei bar utanpå, var kortare enn serken, så han var synleg. Tunikaen var festa like over livet. Elles hadde nok kvinnene også ein stola i garderoben sin, ein lang kjole, ein palla, ei rektangulær kappe og eit langt slør, som dei anten kunne kaste bak hovudet eller brette framover og drapere over armen.

Klesdrakta til kvinnene er eit uttrykk for korleis dei på den tida meinte at kvinnene i Bysants hadde pliktene sine heime. Eit unntak er keisar Justitians keisarinne Teodora (500–548). Ho kom frå enkle kår og var skodespelar på Hippodromen utanfor Konstantinopel, då ho blei kjend med Justitian. Dei blir begge rekna som helgenar i den ortodokse kyrkja i dag.

Den stilhistoria vi presenterer her, kan godt blir kritisert for å vere litt nærsynt i forhold til impulsar frå verda utanfor Europa og Nord-Amerika. Likevel kan slike impulsar sporast i dei fleste stilperiodane. Blant anna har dei fantastiske porselensarbeida til kinesarane blitt kopierte i Europa.

Bysantinsk arkitektur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Stilhistorie