Fagartikkel
Internasjonal stil i arkitekturen
Tidleg på 1900-talet ser vi dei første teikna til utviklinga av den moderne eller internasjonale stilen i arkitekturen. I Skandinavia slår stilen gjennom på 1930-talet og får nemninga funksjonalisme. Stilen er populær også etter den andre verdskrigen og dominerer heilt fram til midten av 1970-talet.
- Form kan ikkje rivast laus frå funksjon. Dei to må verke saman og utgjere ein heilskap.
- Bygg og interiør skal ha reine, enkle former og linjer, utan "pynt" av noko slag. Til og med privatbustader blir utforma etter dei same prinsippa som fabrikkar og offentlege bygg.
- Kopiering og etterlikning av eldre stilartar er bannlyst. Det gjeld å skape nye løysingar for ei ny tid.