I denne oppgåva skal du bli kjend med ein periode i stilhistoria og presentere han i ein fagartikkel. Forklar kva som er typisk for perioden. Kan du sjå påverknad frå perioden i design- eller handverksyrka i notida? Bruk bilete og tekst til å skape ein god layout.
Arbeidsprosess
- Vel ein periode i stilhistoria.
- Set deg inn i perioden du har valt: Kva kjenneteiknar han? Kan du sjå samanhengar mellom perioden du har valt, og yrke og materialbruk innanfor design og handverk i dag?
- Lag nokre enkle skisser til layout på fagartikkelen din. Tenk på å skape balanse når du skal plassere titlar, bilete og brødtekst.
- Lag sjølve fagartikkelen digitalt. Bruk A3-format. Teksten skal ha ei hovudoverskrift, ei underoverskrift, ein ingress, ein brødtekst og minimum tre bilete som viser kjenneteikn på perioden du har valt. Hugs å føre kjeldene dine.
Innlevering og vurdering av
- skisse på layout
- ferdig fagartikkel om stilperioden du har valt
- eigenvurdering (vurder innhald, layout og heilskap i arbeidet ditt)
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 30.07.2020