Drakt og identitet
Klede kan vere eit språk i seg sjølv. I filmen under (lengde 8:41) ser vi på bunadstradisjonen i Noreg. Du møter òg Ahmed Umar. Då han designa ei eiga drakt, ønskte han å vise tilhøyrsel til både norsk og sudansk kultur. På same tid var det viktig for han å vise respekt for handverket og tradisjonane.
Du kan bli betre kjent med Ahmed Umar som kunstnar i NRKs serie Kunstnerliv.
Tenk over:
Korleis bruker du klede til å vise delar av identiteten din?
Korleis opplever du spennet mellom tradisjon og nyskaping i filmen?
Bunader er tradisjonelle festdrakter. Dei er utvikla frå folkedrakter og har ulik historisk og lokal tilhøyrsel. Mange bunader går i arv eller er sydd av nokon i familien.
Bunadstradisjonen står sterkt i Noreg. I 2024 hadde rundt 80 prosent av norske kvinner og 20 prosent av norske menn bunad (Storlien & Noss, 2024).
Hulda Garborg løfta fram folkedraktene på 1900-talet som ein protest mot unionen med Sverige. Ho kopierte gamle folkedrakter, men skapte òg nye med element frå tradisjonsplagga.
Det blir framleis konstruert nye drakter etter inspirasjon frå gamle drakttradisjonar, som blir kalla fantasistakkar eller festdrakter.
Bunaden vart tidleg eit uttrykk for bygdekulturen mot den urbane eliten. Ei forlenging av dette ser vi i dag med Bunadsgeriljaen. Dei bruker bunaden som eit samlande symbol på kampen kvinner med tilhøyrsel til distrikta kjempar mot nedlegging av fødetilbod.
Under andre verdskrigen vart bunaden brukt både av leiaren for Nasjonal Samling sin kvinneorganisasjon, Olga Bjoner, og av kvinner i motstandskampen. Her representerte same symbol heilt motsette politiske ståstader.
Ulike nemnder og fagråd har gitt tilrådingar og rettleiingar for utforminga av bunader, med vekt på vern og tilknyting til tradisjonar og historisk kunnskap. Bunad- og folkedraktrådet har i vedtektene sine at dei skal "fremme, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg som eit uttrykk for kulturell identitet" (Norsk institutt for bunad- og folkedrakt, u.å.).
Å tilverke ein bunad vil seie å brodere og montere bunader og lage tilbehøyr som perlearbeid, hoseband, vovne belte og strikka strømper. Bunadtilverkarar fører vidare handverk som generasjonar før oss har utført. I filmen under (lengde 6:31) fortel Julie Mari Wiig om yrket sitt.
Enkelte aktørar produserer bunader i lågkostland. Bunadspolitiet er ei foreining for norske bunadsprodusentar som arbeider for at det skal bli lovpålagt å merkje bunaden med kor han har vorte produsert, for å verne om dei nasjonale handverkstradisjonane som ligg bak.
Immateriell kulturarv
Immateriell betyr ikkje-materiell. Kunnskap, tradisjonar og måtar å gjere noko på er like viktige for kulturarven vår som gjenstandar og bygningar. Unesco-konvensjonen frå 2003 seier at det er viktig å sikre at kunnskapen om tradisjonelle handverk blir bevart og brukt vidare. 5. desember 2024 kom «Bunadbruken i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis» på UNESCOs liste over immateriell kulturarv.
Diskuter i grupper:
Korleis kan bunadstradisjonen verke inkluderande eller ekskluderande i eit fleirkulturelt Noreg?
Relatert innhald
Ein bunadtilverkar jobbar med produksjon, reparasjon og restaurering av ulike bunader og folkedrakter.