Drakt og identitet
I denne filmen fortel Camilla Rossing ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt om historia til bunaden og korleis bunad og folkedrakt kan uttrykkje tilhøyrsel og identitet. Vi møter òg kunstnar Ahmed Umar som har komponert si eiga drakt med element både frå den sudanske mahdist-drakta og frå norsk hallingbunad.
Kva tenkjer du at eit plagg som bunaden representerer og signaliserer? Bruk tre minutt på å reflektere over spørsmålet, og noter stikkord.
Lag ei felles ordsky i klassen av stikkorda dykkar for å sjå om det er ord som går igjen. De kan bruke ordsky-verktøyet på ordsky.no.
Noter stikkord undervegs om det du synest er interessant i filmen.
Del stikkorda dine med ein medelev. Har de merka dykk det same, eller er det ulikt?
Formuler tre setningar som de to meiner samanfattar temaet drakt og identitet slik det blir framstilt i filmen.
Del desse setningane med resten av klassen, og samle dei i eit felles dokument.
Diskuter i klassen: Korleis vil de no svare på spørsmålet frå den første oppgåva: "Kva tenkjer du at eit plagg som bunaden representerer og signaliserer?"
Bruk innsikter frå filmen og omgrep og kunnskap om kultur og identitet til å skrive ein kort tekst der du drøftar dette spørsmålet frå filmen: Er bunaden inkluderande eller ekskluderande?
Relatert innhald
Klesdrakt er eit kulturuttrykk som kan både signalisere og skape tilhøyrsel.