Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Design
Å designe betyr å gi form til noko. Det kan vere alt frå klede og bruksting til å lage ei utstilling eller eit nytt konsept. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis noko skal sjå ut, og korleis det skal fungere.
Grafisk design
Grafisk design handlar om å utforme visuelle bodskapar ved bruk av form, fargar, visuelle element og tekst. Idéarbeid er viktig, og du kan bruke mange ulike teknikkar. Grafisk design er ein viktig del av det å kunne marknadsføre produkt og tenester.