Film og filmklipp
Visualiser og presenter idéen
Når du har rydda i idárbeidet og valt ut kva du vil jobbe vidare med, må du tenkje på korleis du vil presentere idéen. Du må visualisere idéen og setje det saman til noko du kan presentere for oppdragsgivaren eller kunden din.
Når du er trygg på at du har ein idé som hjelper kunden å nå målet sitt, er det på tide å gå i gang med å setje produktet saman. Det inneber at du må lage ein pitch, altså eit lite samandrag som fortel kva du skal lage. Det er naudsynt for at kunden og dei som skal vere med i produksjonen av produktet, skal kunne sjå føre seg korleis det ferdige resultatet skal bli.
Relatert innhald
Fagstoff
Tre tips til pitchFå fram poenget, øv og ver alltid klar for ei framføring. Her har du tre tips til arbeid med pitch.