Hopp til innhald

Fagstoff

Idékart

Når du skal presentere ein idé for ein kunde, medarbeidar eller for ein lærar, er det viktig å visualisere det på ein slik måte at andre enkelt kan få eit innblikk i kva du tenker. Idékart er ein enkel, men samstundes konkret måte å visualisere idéar på.
Motedesigner ser på fargeprøver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moodboard

Dette er eit verktøy mange designarar nyttar for å hjelpe seg fram til eit mest mogeleg heilskapleg produkt. Når du skal lage eit moodboard til ei bestemt oppgåve eller ein bestemt idé, må du tenke på kva som er meininga med dette. Er du i starten av ein prosess og skal bruke moodboard som ein type inspirasjon, må du kanskje på førehand ha valt deg eit tema eller eit materiale som du skal jobbe med. Er det eit moodboard som skal kome på slutten av ein prosess og vere som ein presentasjon, er det viktig å få fram stilen og kjensla til produktet.

Eit moodboard kan du lage ved å klippe og lime for hand, eller du kan jobbe digitalt. Målet med eit moodboard er å setje ei stemning for det konkrete produktet. Kanskje er det fargesamansetjinga på ein plakat, stemninga i eit bilete eller trendane for sommaren.

Storyboard

Mange designarar visualiserer ideen gjennom eit storyboard eller eit scenario. Dette er rett og slett ein slags teikneserie, der ein med enkle teikningar kan forklare korleis produktet er tenkt å fungere. Eit scenario er ein situasjon der produktet er vist i bruk.

Materialkart

Når du skal visualisere eit produkt der du har tenkt å ta i bruk fleire ulike materiale, kan det vere greitt å lage eit materialkart. Det er ein oversikt over dei materiala du har tenkt å bruke på produktet ditt. Målet er å vise korleis dei ulike materiala går saman, med tanke på fargar og overflater.

For å få eit best mogleg inntrykk av dei ulike materiala, er det best å samle dei ved å for eksempel lime dei på eit ark, eller feste dei på ei treplate. Det er viktig at den du visualiserar idéen for, kan sjå og kjenne på dei materiala du har presentert.

Designskisse og stoffprøvar til kjole designa av Victor Stiebel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Kreativitet og idéutvikling