Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Design
Å designe betyr å gi form til noko. Det kan vere alt frå klede og bruksting til å lage ei utstilling eller eit nytt konsept. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis noko skal sjå ut, og korleis det skal fungere.
Industridesign
Industridesign går ut på å planlegge og teikne produkt for industriell produksjon. Ein industridesignar jobbar tverrfagleg og vurderer både form, estetikk og brukarvennlegheit i utviklinga av produkt og tenester.