Øvelse
Gruppearbeid: Å analysere fargar
Vi kan sortere fargar etter kva for elementærfarge dei liknar mest på. Dette er hovudeigenskapen til fargen. I tillegg kan fargen ha innslag av andre elementærfargar. Dette er bieigenskapane. I dette gruppearbeidet skal de analysere ulike fargeprøvar og plassere dei inn i ein modell.
Vekeblad, sakser, lim, kartong (til dømes A2- eller A3-format) og utskrift av modell for å analysere fargar.
Modellen over viser korleis vi kan setje fargar inn i ein modell. Bruk fargeprøvar frå vekeblad eller liknande og plasser dei inn i den sekskanta modellen under.
Filer
Del inn i grupper på 3-4 elevar.
- Gruppa kopierer den sekskanta modellen til stort format (til dømes A2 eller A3).
- Klipp ut fargeprøvar frå vekeblad eller liknande. Pass på at de finn fargar som inneheld alle dei seks elementærfargane:
gul, raud, blå, grøn, kvit og svart. - Hjelp kvarandre å sortere dei utklipte fargeprøvane etter den elementærfargen dei liknar mest på. Dette er hovudeigenskapen til fargen.
- I kvart hjørne av modellen skal de lage ei fargevifte, ein for kvar elementærfarge. Plasser dei reine elementærfargane i hjørnet slik den øvste modellen viser.
- Etterpå plasserer de utklippa slik at fargane beveger seg mot den elementærfargen den liknar på i tillegg til hovudfargen. Hjelp kvarandre med å finne ut kva for bieigenskapar fargane har.
- Diskuter med kvarandre om de er samde om plasseringa av fargeprøvane, før de limer dei på riktig plass i modellen.
Utfordring:
De kan også lage modellen ved hjelp av måling. Bland dykk fram til dei ulike fargeprøvane og plasser desse inn i same modell.